Lignende stillinger
Liker du å arbeide i spennet mellom prosessar, informasjon, brukarar og teknologi? Da kan du bli den nye forretningsarkitekten vår!
Vi har mange spennande aktivitetar og prosjekt gåande, og endå fleire på gang, og har behov for fleire forretningsarkitektar. Du må ha god kjennskap og erfaring med å sette forretning i system og legge til rette for digitalisert utvikling.
Forretningsarkitekten skal sjå forretninga sine funksjonar, tenester, informasjon, reglar og prosessar i ein heilskap. Vi kan da finne mønster og byggeklossar på tvers av tenestene og omsette dei til gode IT-løysingar.
Du må ha
Fint om du også
Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for arbeid, kan vi formidle kontakt med desse.
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en , nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr – uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.
Vi vil du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvend referansesjekk. Det betyr at du får ringe nokre av våre medarbeidarar og stille dei spørsmåla du måtte ønske for å finne betre ut om vi er ein god match.
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.
For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.