Lignende stillinger
Ønsker du å vere med å vidareutvikle det spesialiserte palliative tilbodet ved Haukeland universitetssjukehus? Vi har ledig 2 x 15% helgestillingar i todelt turnus for sjukepleiar-/ medisinstudentar ved palliativ sengepost.
Palliativt senter består av palliativ sengepost og palliaitvt team, og er ein del av Smerte- og palliasjonsavdelinga (SMEPA) i Kirurgisk serviceklinikk (KSK). Vi søker etter deg med erfaring frå, og/eller interesse for arbeid med palliative pasientar, og som vil bli kjend med dette fagområdet. Palliativt senter har regionsfunksjon innan behandling av pasientar med behov for spesialisert palliasjon/lindrande behandling.
Vårt mål er å gje best mogleg symptomlindring, pleie og omsorg for pasientar med uhelbredeleg sjukdom. Lindring av smerte og andre symptom står sentralt, saman med tiltak retta mot psykiske, åndelege og eksistensielle behov - samt ivaretaking av pårørande. I det palliative senteret legg vi stor vekt på tverrfagleg samarbeid.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å legge til rette for inkluderande rekruttering.