Leirvik AS si ingeniøravdeling tel om lag 100 høgt kvalifiserte medarbeidarar med variert bakgrunn og fagkompetanse. Vi er stadig på jakt etter dyktige strukturingeniørar som kan vere med å utvikle og styrke vår kompetanse innan struktur og marine konstruksjonar.
For å komme i kontakt med dei rette kandidatane har vi difor lagt ut ei open stillingsutlysing, og vi vurderer søknader fortløpande.
Vi ser etter både erfarne ingeniørar og nyutdanna eller studentar i avsluttande fase av masterstudiet. Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg, utviklande og engasjerande arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Analyse og design av lastbærande strukturar i aluminium og stål
- Berekningar og dokumentasjon av plate og fagverkskonstruksjonar
- Planlegging og dokumentasjon av løft og transport av større seksjonar/modular
- Fagleg ansvarleg i prosjekt innan struktur, marine og vekt
- Kontakt med kunde, tredjepart-verifikatør og andre aktørar i prosjekt
- Koordinering og samarbeid med andre fag
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan konstruksjon/marineteknikk/byggteknikk/matematikk/fysikk - kortare utdanningsløp kan kompenseres med lang og relevant arbeidserfaring
- Kjennskap til aktuelle regelverk som Norsok, Eurocode og DNVGL
- Erfaring med FE-beregningsprogram, lokalanalyse og handberekningar
- Forståing for global og lokal lastpåkjenning på konstruksjonar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i eit inkluderande og fagleg fellesskap
- Gode kommunikasjonsevner
- Løysningsorientert
- Kunne jobbe strukturert og sjølvstendig
Me tilbyr
- Eit godt og trygt arbeidsmiljø i "Leirvik-familien"
- Ein spanande arbeidskvardag i lag med dyktige kollegaer
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår og tilbod om kjøp av ansattaksjar
- Gode pensjons- og velferdsordningar
Kontaktinformasjon
Alfred Gregersen, Resource Manager structure/marine/weight, +47 98263486
Stine Eide Halleraker, Senior HR-rådgivar, 93484910
Arbeidssted
Storhaugvegen 130
5416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Leirvik AS
Referansenr.: 4992944955
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2025