Lignende stillinger
Vil du leie ein seksjon med ansvar for å styrke Statens vegvesen som den fremste samfunnsaktøren innan veg og vegtransport, regionalt og lokalt i Vestland og Rogaland? Då kan du vere leiaren vi treng til vår seksjon, Utredning vest. Du vil leie og utvikle ein seksjon med dyktige medarbeidarar, gjennom innhaldsrike og givande dagar, i eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø.
Kontorstad for stillinga er Leikanger.
Som seksjonsleiar vil du ha overordna ansvar for personell, økonomi, fagleg kvalitet og leveransar frå seksjonen. Du blir ein del av leiinga i avdeling Transport vest og inngår i avdelingsdirektørens leiargruppe. Ei viktig oppgåve vil vere å delta i utviklinga av seksjonen og bidra til utvikling av veg- og transportsystemet i etaten. Stillinga vil medføre ein del ekstern kontakt og samarbeid med fylke, kommunar og lokale aktørar innan samferdsle og mobilitet. Noko reiseverksemd må medreknast.
Arbeidsområde som seksjonen dekker er til dømes å følgje opp byvekstavtalar i Bergen og på Nord-Jæren, greie ut moglegheit for og grunnlag for bompengefinansiering, utarbeide strategiske analysar og utgreiingar, utarbeide grunnlag for nasjonal transportplan, samt utføre transport- og samfunnsøkonomiske analysar.
Du har minimum treårig relevant utdanning frå universitet eller høgskole, innan til dømes vegplanlegging eller transportanalyse. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Utdanning innanfor leiing kan og vere relevant.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Du må òg ha:
Vi legg vekt på at du har:
Kven er du?
Vi ser etter ein trygg, tydeleg og nyskapande leiar med gode samarbeidsevner, som trivst med å utvikle og motivere dyktige medarbeidarar på ein god og framtidsretta måte. Du er ein god rollemodell som handterer utfordingar og held fokus i møte med krevjande situasjonar og stramme tidsskjema. Som leiar evnar du raskt å sette deg inn i komplekse problemstillingar og forstå relevante løysingar på desse. Gjennom tydeleg, open og tilpassa kommunikasjon skapar du engasjement og forståing.
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Testar og bakgrunnssjekk
Vi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.