Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

LIS i fysikalsk medisin og rehabilitering, 100% fast stilling

Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, ReHabiliteringsklinikken, Helse Bergen HF

Nordåsgrenda 4, 5235 BERGEN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Vil du vere med å gjere ein forskjell for pasientar som treng rehabilitering etter skade eller sjukdom? 

Ved Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering har vi ledig fast 100% stilling som LIS i fysikalsk medisin og rehabilitering på Nordås.

Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar, som vil ha deg med for å bidra til utvikling av gode tenester. Du får eit variert arbeidsområde med faglege utfordringar. 

Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering gir tilbod til pasientar med erverva hjerneskade, multitraume, nevrologiske lidingar og skadar, kreft, brannskade, amputasjonar, funksjonelle nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel- og skjelettplager/-smerter m.a. Vi har for tida 14 legar, inkludert LIS.

ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar, slik at dei kan oppleve meistring, livskvalitet og eit forbetra funksjonsnivå i kvardagen. Her samarbeider mange helseprofesjonar. Vi arbeider tverrfagleg med komplekse medisinske problemstillingar. 

Klinikken består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Klinikken gir spesialiserte tilbod og tenester til mennesker med komplekse og samansette behov for utgreiing, vurdering og rehabilitering/habilitering i sjukehus. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk. Vi har fleire regionale funksjonar og ein nasjonal funksjon, og er tyngdepunktet for spesialisert habilitering og rehabilitering for vaksne i Helse Vest. Vi samarbeider tett med ulike einingar i spesialisthelstenesta inkludert psykisk helsevern, og førstelinjetenesta. 

Klinikken er i ein spennande utviklingsfase med mange pågåande og planlagde utviklings- og endringsprosessar, m.a. knytta til nybygg og samlokalisering på Nordås om nokre år.   


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling på sengepost og i poliklinikk
  • Vurdering av tiltak vidare og dialog med/tilvising til andre instansar
  • Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartar
  • Samarbeid i tverrfagleg team
  • Særfagleg og tverrfagleg fagutvikling
  • Kurs, undervising og pasientopplæring
  • LIS deltar i praktisk undervisning av medisinstudentar
  • Inngå i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i fysikalsk medisin og rehabilitering
  • Motivasjon og interesse for tverrfagleg medisinsk rehabilitering
  • Erfaring med målgruppene frå rehabiliteringseining i spesialisthelsetenesta kan vere ein fordel 
  • Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Erfaring med eller gode evner i forhold til tverrfagleg teamarbeid
  • God kommunikasjon på norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Gode relasjonelle ferdigheiter og samarbeidsevner
  • Evne til målretta arbeid
  • Vilje og evne til nytenking
  • Ønsker å vidareutvikle kompetansen sin og bidra i fagutvikling og forsking  
  • Klarer å planlegge og gjennomføre langsiktig tiltak og endringar
  • Takler travle og akutte situasjonar
  • Trivast i eit tverrfagleg miljø 
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt 

Vi tilbyr

  • Eit spennade tverrfagleg arbeidsmiljø, høg kvalitet og fokus på kontinuerleg forbetring
  • Veiledning, supervisjon og fagleg kompetanseutvikling i tråd med spesialiseringsløpet
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Herborg Tegle, Seksjonsleiar, 55918440

Arbeidsstad

Nordåsgrenda 4
5235 Rådal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4996102275
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2025