Lignende stillinger
Arbeidskvardagen din
Du vil jobbe i tett samarbeid med kollegaer og eksterne fagmiljø som NTNU og Sintef. Med vårt breie prosjektutval får du erfaring frå ulike typar fartøy, offshore-installasjonar og havbruksløysingar. I Fjellstrand får du vere ein del av eit lite, men sterkt fagmiljø som er ISO-sertifisert og kjent for å levere kvalitet.
Me er stolte av å vere ein del av den maritime grønskiftet, med prosjekt som spenner frå "state of the art"-fartøy til ombyggingar av forsyningsskip og nyvinningar innan batteriteknologi. Sist men ikkje minst vil me ta i bruk robotisering for å styrke kapasiteten og ta på oss meir komplekse prosjekt.
Kva du kan forvente hjå oss
Livet utanfor jobben
Omastrand er den perfekte plassen for deg som verdset balanse mellom arbeid og fritid. Med fjord og fjell som nærmaste naboar har du uendelege moglegheiter for friluftsliv, vassport, kulturarrangement og rolege stunder i vakre omgjevnader.
Bli med oss i Fjellstrand og bidra til å forme framtida for maritim innovasjon! Søk i dag!
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.