Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Vil du jobbe innan digitalt politiarbeid i sivil stilling (IT)?

FEFE - Avsnitt for digitalt politiarbeid, Møre og Romsdal politidistrikt

Strandgata 2, 6415 MOLDE
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Avsnitt for digitalt politiarbeid søkjer deg som ønsker å bidra til å styrke politiet sin kapasitet på datatekniske undersøkingar og digital sporsikring. Vi har ledig ei sivil datateknisk stilling.

Kriminaliteten i dag er like mykje til stades på digitale plattformar som i det fysiske rom, og det har gjort at det har utvikla seg nye formar for kriminalitet. Denne forma for kriminalitet kjem til syne i heilt andre og alvorlege kriminalitetstrugslar. Vi søker deg som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell, og som kan tenke seg å inngå i eit kreativt og høgt kompetent fagmiljø av spesialister med både politi- og sivil bakgrunn i Møre og Romsdal politidistrikt. 

Avsnitt for digitalt politiarbeid har som primæroppgåve å utføre datatekniske undersøkingar for politiet i samband med straffesaker, samt å gjennomføre avansert innsamling, analyse og dokumentasjon av digitale spor i heile Møre og Romsdal. Som ein del av avsnittet vil du gjennom å bruke di digitale kompetanse vere med på å etterforske alvorlege straffesaker.

Vi har eit tett samarbeid med nasjonalt cyberkrimsenter (NC3) på KRIPOS, og deltar også inn i nasjonale fagfora.

Stillinga er stadsplassert i Molde og er underlagt felles eining for etterforskning, førebygging og etterretning (FEFE) i Møre og Romsdal politidistrikt. Noko reiseverksemd må påreknast.


Arbeidsoppgåver

  • Sikring, analyse og tilrettelegging av digitale spor frå ulike lagringsmedier og sporstader
  • Bruk av internett som etterforskningsarena
  • Halde seg oppdatert innanfor sitt fagfelt gjennom studie, kurs og deltaking på møte/seminar
  • Yte bistand til andre driftseiningar, seksjonar og avsnitt
  • Opplæring og kompetansedeling i eige politidistrikt
  • Vere ein ressursperson og pådrivar innan fagfeltet i heile politidistriktet
  • Oppgåver innan systemdrift av interne datasystem
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Eksamen frå relevant høgskule eller universitet innan fagfeltet, eller fagbrev og lang relevant datateknisk erfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk  
  • Kandidatar som ikkje har gjennomført politihøgskulen sitt studie NCFI nivå 1 og 2 A innan digital forensics, må gjennomføre desse studia etter tilsetting, minimum modulane "Core Concepts" og "Advanced Computer Forensics"
  • Pårekne å kunne måtte gjennomføre andre studier/kurs innan politimynde og etterforsking
  • Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønskeleg:

  • Politihøgskulen sitt studie NCFI 1 og NCFI 2A innan digital forensics
  • Anna høgare utdanning innan datatekniske undersøkingar
  • Erfaring med sikring og analyse av digitale spor
  • Erfaring frå politiet
  • Fortruleg med både Linux, Mac og Windows    
  • Kunnskap om nokre av områda: Programmering / scripting, operativ-og filsystemer, android / iOS, nettverks- og / eller trådlausteknologi, reverse engineering, kryptering, drift av servermiljø, herunder virtualisering.

Personlege eigenskapar

  • Nysgjerrig på ny teknologi
  • Løysings- og utviklingsorientert
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team  
  • God gjennomføringsevne  
  • Omgjengeleg og ein god relasjonsbyggar  

Som medarbeidar i politiet kjenneteiknast du av å være modig og helheitsorientert, du viser respekt og er tett på. Vi jobbar saman for fellesskapet sitt beste i tråd med lover, regler og våre verdier.  Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform og i våre etiske retningslinjer.

Samansetning av teamet og at ein er personleg eigna vil bli særleg vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
  • Eit solid fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter, og eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Fast stilling i Møre og Romsdal politidistrikt som spesialetterforskar (SKO 1552)
  • Lønn frå kroner 640 000 til kroner 750 000. For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønn bli vurdert
  • I tillegg godtgjersle etter gjeldande ATB
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det trekkast to prosent av løna til SPK
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
  • Mogelegheit til trening i arbeidstida

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Ole Ivar Nybø, Seksjonsleiar, 48 88 72 35
Linn Breivik Erstad, Driftseiningsleiar, 92813729

Arbeidssted

Strandgata 2
6415 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistrikt

Referansenr.: 4954909899
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 20.05.2025