Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Seniorrådgjevar/rådgjevar - Forvaltning Vestland

INV - Forvaltning Vestland, Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 SOGNDAL
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Vegforvaltning Vestland tek vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar.
Dette inneber varierte oppgåver som; handsaming av søknadar knytt til dispensasjonar frå byggjegrenser, avkøyrsler, graveløyve og skilt- og oppmerkingsplanar. Vi utførar også vegfaglege vurderingar av arealplanar med særleg fokus på trafikktryggleik og framkomst for alle trafikantar.

Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport og fremje regional utvikling. Vi har no ledig stilling hos Vegforvaltning Vestland og søkjer etter ein seniorrådgjevar med kompetanse innan areal- og vegforvaltningssaker, som kan bli med på laget saman med andre samfunnsengasjerte og inkluderande medarbeidarar. Vegforvaltning Vestland har tilsette lokalisert i Førde, Leikanger, Voss og Odda.  Denne stillinga vil ha kontorstad i Førde eller Leikanger.

Arbeidsoppgåver som er aktuelle for stillinga er handsaming og uttalar til arealplanar samt handsaming av søknadar etter Veglova td, søknadar om avkøyrsler og byggegrensedispenasjonar. Du vil få ansvar for dine kommunar og følge dei tett opp. Samarbeid på tvers er svært viktig for oss og det vil vere aktuelt å delta i prosjektgrupper og andre samarbeid saman med dei andre avdelingane hos oss. På seksjonen er det og behov for ein fagkoordinator på plan og forvaltning. Dette er ei oppgåve som vil vere aktuell for denne stillinga. Du vil då jobbe tett saman med leiar og to andre fagkoordinatorar og ha fagleg ansvar for nordre delar av fylket innan ditt fagområde, samt andre oppgåver knytt til strategisk og operasjonell drift av seksjonen. 


Arbeidsoppgåver

  • Fagkoordinatoroppgåver som å bistå medarbeidarar fagleg, avlaste leiar samt delta i strategisk arbeid for seksjonen
  • Handsaming av søknader om avkøyrsler og dispensasjonar frå byggegrenser etter veglova.
  • Uttale til arealplanar og dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova. 
  • Fagleg medverknad i ulike utgreiingar og prosjektgrupper.
  • Rettleiing og samverknad med offentlege etatar, konsulentar og private aktørar.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på masternivå.
  • Bachelorgrad og dokumentert relevant erfaring kan eventuelt kompensere for manglande formell utdanning
  • Kunnskap og erfaring om areal- og vegplanlegging og/eller handsaming av saker etter veglova, samt kjennskap til forvaltnings- og plan-og bygningslova.
  • Relevant praksis innan arbeidsområdet.
  • Det er ønskjeleg med førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig.
  • Høg arbeidskapasitet og likar varierte oppgåver.
  • Løysningsorientert  - og kan bygge tillit.

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver.
  • Engasjerande og sterkt fagmiljø.
  • Fagsamlingar og sosiale arrangement.
  • Fleksibel arbeidstid og sommartid.
  • Mogelegheit med heimekontor.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Løn etter avtale.

Kontaktinformasjon

Ann Kristin Nes, Seksjonsleiar, 91888033

Arbeidsstad

Storehagen 1B
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4904840782
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.03.2025