Lignende stillinger
Har du lyst til å være med på å vise fram setesdalskulturen i sommar? I samarbeid med Setesdalsmuseet har Bygland kommune ledige sommarjobb som vert på Bygland museum. Om du trivast med å vere gjestfri og imøtekomande, og er interessert i Setesdals kulturhistorie, har du sjansen til å få ein spennande, lærerik og variert sommarjobb.
Bygland museum er eit tun med loft, låve og stovehus frå 1600-talet, som ligg vakkert til på friluftsområdet ved Bygland sentrum. Tunet er ei flott utgangspunkt for å formidle korleis folk levde, budde og arbeidde Setesdal før. Som sommarvert er du omvisar i dei gamle bygga, og fortel om ulike sider ved setesdalskulturen. Du arrangerer enkle leikar og aktivitetar for barn i tunet. Kan du formidle folkemusikk eller -dans, er det veldig fint. Du får opplæring i vertskapsrolla og det du skal formidle.
Det vil verte kalla inn til opplæring i forkant. Dette blir 23. juni. Den aktuelle peruioden er 24.juni til 10.august.
Er du mellom 16 og 20 år og busett i Bygland? Arbeidstiden kan variere, men som regel frå kl. 10.00-16.00.
Vi treng difor følgande:
I søknaden ber vi deg oppgi kva stillingar du søker på. Skriv ein søknad der du fortel om deg sjølve, og kva du eventuell tidligere har hatt av sommarjobber/andre jobbar og kva du driv på med på fritiden. Fint om du også legg med attestar og vitnemål.
Me tilbyr