Om stillinga
Masfjorden kommune søker etter to sjukepleiarar i faste 80 - 100% stillingar, med arbeidsstad for tida ved Masfjorden sjukeheim.
Stillingane er ambulerande nattevaktstilingar. Nattevaktene er på 10,5 timer.
Me ser etter sjukepleiar som
- Har autorisasjon som sjukepleiar
- Har evne til å arbeide i sjølvstendig og i team
- Er fleksibel, tek ansvar og samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Er motivert til å yte gode tenester til brukarane våre
- Har godt humør, er raus og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norsk nivå b2
Har førarkort klasse B
- Søkarar med fagbrev som helsefagarbeidar kan verte vurderte for ei av stillingane
Arbeidsoppgåver
- Delta i varierte arbeidsoppgåver både inne på sjukeheimen og til heimebuande
- Motta telefonar og vurdere behov for tilsyn på natt
- Trygge brukarar på telefon og eventuelt rykke ut ved behov for tenester
- Foreta vurdering om behov for bistand frå legevakt og naudetatar
- Arbeid kvar 3. helg
Me tilbyr
- Full stilling. Mellom 80 - 90% om ein berre går nattevakter
- Ein interessant og utfordrande jobb saman med dyktige kollegaer
- Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket
- Pr. i dag 10 000 kroner utover tariff i tillegg for høgskuleutdanna i turnus, og 50 kroner ekstra pr. time i helgetillegg
- Betalt lunchpause
Masfjorden sjukeheim
Masfjorden sjukeheim ligg på Hosteland og har 32 sengeplassar.
Klikk her for å sjå korleis me har det hjå oss
Politiattest
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.