Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Helse Bergen HF

Haukelandsveien 22, 5021 BERGEN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar

Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. For desse stillingane er det krav om Norsk autorisasjon.

Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:

Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.

Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.

Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.


Arbeidsoppgåver

Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide heilskapleg både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering. Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484/Anja Margrethe Jordal, Tlf 55918425

Gastrokirurgisk avdeling er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. Kontakt: May-Britt Sudmann, Tlf. 90784700/ Anette Haatuft Haugland, Tlf. 55973408 

Avdeling for karkirurgi er ein kirurgisk sengepost med pasientar frå to fagfelt, plastikkirurgi og karkirurgi. Sengeposten avlastar også Brannskadeavdelinga, det er ein kompleks avdeling med stort spenn i diagnosar, pasientgrupper og sjukepleieprosedyrar. Arbeidsmiljøet er godt og vi legg til rette for fagleg utvikling for våre medarbeidarar. Vi har 3 delt turnus med arbeid 3. kvar helg. Mogleg for langvakt med arbeid mellom 12-16 helgar per år. Kontakt: Siri Erstad, Tlf 91752555

Urologisk avdeling post 2 er ein sengepost med pasientar frå både urologi og endokrin-kirurgiske fagfelt. Våre pasientar er hovudsakleg kreftpasientar. Vi behandlar også benigne diagnosar som treng kirurgisk behandling i tillegg til akutte innleggingar. Hos oss vil du jobbe i eit godt arbeidsmiljø med pre- og postoperative forløp. Smertelindring, palliasjon og heilskapleg sjukepleie er også ein stor del av vår kvardag. Kontakt: Jorunn Bjørnsdottir Tlf 55970011

Seksjon for nyresjukdommar, Medisin 1 Nord er ein nefrologisk og endokrinologisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar pasientar med mellom anna nyresjukdommar som kronisk og akutt nyresvikt, oppstart med dialyse, hypertensjon, diabetes og stoffskiftesjukdommar. Vi har ledig 100% fast stilling i 3 delt turnus med arbeid 3. kvar helg. Relevant sjukehuserfaring er ein fordel. Erfaring frå nyremedisin eller endokrinologi er ønskeleg. Kontakt: Øystein Nautvik, Tlf 5597361

Seksjon for nyresjukdommar, Medisinsk post 2 Dialysen er ei dageining med 22 behandlingsplassar, samt 10 plassar på Straume og 9 i Knarvik. Kvardagar har vi åpent på dag- og kveldstid, samt dagtid lørdag og søndag. Vi gir hemodialyse til pasientar med kronisk nyresvikt, i tillegg utfører vi akuttdialyse i overvåkingsposter på sjukehuset. Som sjukepleiar hjå oss vil du vere ein del av eit team kor samarbeid og fagleg utvikling står i fokus. Du bidrar til å utføre dialysebehandling, overvåke og følgje opp ulike oppgåver. Kontakt: Audhild Hannisdal Jørstad, Tlf 55973622

Kvalifikasjonar (overskrift)

Seksjon for blodsjukdommar, Medisin 5 Nord behandlar pasientar med mistanke om, eller påviste blodsjukdommar. Vi har ein fleirregional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon og regional funksjon for autolog stamcelletransplantasjon. Hovuddiagnosar er leukemi-og myelomatose pasientar, samt andre hematologiske lidingar. Seksjonen skal utvide transplantasjonsverksemda og skal flytte til nye lokale i Marie Joys hus mars 2025. Vi er ein tverrfagleg seksjon som jobbar med diagnostikk og behandling av blodsjukdommar. Kontakt: Ina K. Endregaard Tlf 99498863

Hovud/hals og augeavdelinga har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar i 3 delt turnus. Avdelinga har også ledig fast stilling som sjukepleiar i kombinasjon med Bemanningssenteret (55 /45 %). Posten har 27 senger og pasientar over 18 år. Det er ein spennande kirurgisk avdeling med stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar, med hovudansvar for tracheostomipasientar på sjukehuset. Hos oss får du god erfaring innan fagfelta hovud-hals, øyre, nase, biholer, kjeve og auge med god variasjon av arbeidsoppgåver. I samarbeid med fagsjukepleiar legg vi til rette for god opplæring og sørger for at sjekklister, kompetanseplanar og faglege retningslinjer er oppdaterte. Vi har eit godt arbeidsmiljø og teamsamarbeid i avdelinga. Kontakt: Kjersti Walde Tlf 55973509

Kjevekirurgisk poliklinikk har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar med arbeidstid på dagtid. Born og vaksne med ulike lidingar i munn og kjeve kjem til oss for undersøkingar, utgreiing og dagbehandling. Vi behandlar både elektive og ØH pasientar. Arbeidsoppgåvene er varierte og inneber koordinering og assistanse ved undersøkingar i poliklinikken, samt ved kirurgi på operasjonsstova. Arbeidsmiljøet er triveleg og inkluderande. Erfaring frå kirurgisk sjukepleie er ein fordel. 
Kontakt: Tone Bjørnset Tlf 55972716 

Hud og Revmatologisk sengepost har ledig vikariat i 100% stilling som sjukepleiar frå 01.02.25 -30.08.26. Etter endt vikariat vil stillinga vere 100% fast ved Hud og Revma sengepost eller ved Bemanningssenteret i Helse Bergen. Hudavdelinga på Haukeland er den einaste sengeavdelinga for hudpasientar på Vestlandet. Revmatologisk avdeling har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med revmatiske sjukdommar i Hordaland. Vi tilbyr pleie, rehabilitering, førebygging og opplæring av pasienter og pårørande. Kontakt: Nina Alsaker Bergsvik Tlf 55973944

Hud poliklinikk og dagpost har ledig 100 % stilling som sjukepleiar. Hovudoppgåvene er å diagnostisere og behandle hudsjukdommar og seksuelt overførte infeksjonar. Dei vanlegaste hudsjukdommane er psoriasis, eksem, allergiske sjukdommar, blemmesjukdommar, hudkreft og kroniske sår. Arbeidsoppgåver er behandling, førebygging og opplæring. Poliklinikk inkluderar dagpost og poliklinikk for seksuelt overførte infeksjonar. Kontakt: Trude Gildestad Tlf 55974037

Hud poliklinikk/Hud og Revmatologisk sengepost har ledig kombinasjonsstilling i vikariat som sjukepleiar med delt arbeidsstad mellom poliklinikk og sengepost. I utgangspunktet er stillinga 85% på hud poliklinikk og 15% på hud og revmatologisk sengepost, men delingsprosent kan bli noko endra. Arbeid ca. kvar 4. helg på sengepost. Kontakt: Trude Gildestad, Tlf 95779130 eller Nina Alsaker Bergsvik Tlf 55973944

Akuttmottak søker sjukepleiar med krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Vi tar imot alle typar pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. I gjennomsnitt kjem det inn 100 pasientar i døgnet, kring 40.000 pasientar kvart år. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse. 
Kontakt: Robert Nekkøy Tlf 55972526

Lunge post 1 er mellom dei største lungemedisinske einingane i landet og er leiande innan pasientbehandling, utdanning og forsking i lungemedisin. Vi har kombinert funksjon med sengepost og respiratorisk overvaking (ROE). Av totalt 16 senger er inntil 8 tiltenkt pasientar som treng respiratorisk overvaking og pustehjelp (BiPAP/heimerespirator). Hovudgruppa av pasientar er kols, respirasjonssvikt, lungebetennelse. Kontakt: Lillian Hopland Tlf. 55973552

Lunge post 3 
​​​​​​​er ein sengepost med 22 sengeplassar. Avdelinga greier ut og behandlar i hovudsak pasientar med lungekreft, lungeinfeksjonar, KOLS og pasientar med cystisk fibrose. I tillegg har avdelinga eige luftsmitteisolat til pasientar med tuberkulose. Hos oss vil du få ein bratt læringskurve i trygge oomgjevnader og vi kan tilby eit spennande fagfelt. Vi har 3-delt turnus med kvar 3. helg i årsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnus. Kontakt: Sandra Strømmen Hansen Tlf 55973533

Hjarteavdelinga post 1s2v er ein stor hjartemedisinsk sengepost med 42 senger og ca 100 tilsette. Posten handterer både pasientar som treng hjelp straks og elektive pasientar. Vi har både lokal- og regionalfunksjon. Hovudgrupper av pasientar vi behandlar er pasientar med hjarteinfarkt og UAP, hjartesvikt, hjarterytmeforstyrringar og andre hjartemedisinske tilstandar som t.d. myokardit og perikarditt. Kontakt: Beate Solheim Hansen Tlf 55972202

Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Seksjon for blodgivning har ledig ein fast grunnstilling som sjukepleiar, og eit års vikariat som sjukepleiar. 
Vi har ansvar for driften av Tappesalen og Blodbussen hvor blodgivere tappes med tilhørende arbeidsoppgaver for å drifte denne seksjonen. Prøvetaking på sjukehuset sine eksterne avdelingar vil inngå som del av stilling. Dette er ein dagstilling med utvida åpningstid på onsdagar. Kontakt: Guro Ellen Gundersen Tlf 55973016

Bemanningssenteret har ledig 100% faste stillingar med arbeid kvar 3. helg, og med stor innverknad på eigen turnus. Tiltredelse etter nærare avtale.
Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss vil du få moglegheit til å jobbe på eit begrensa tal av avdelingar, og moglegheit til å lage din eigen årsturnus. Vi tilbyr fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet. Kontakt: Linda Greve Iversen Tlf 55976900

Ortopedisk avdeling består av 4 sengepostar som er inndelt etter fagområde. Vi har fokus på godt arbeidsmiljø og gode utviklingsmuligheter.
Ønsker du å utfordre deg selv? Ønsker du å jobbe med et bredt spekter av ulike pasientgrupper? Ønsker du å jobbe i et hektisk, men supertrivelig arbeidsmiljø? Søk på OT da! Kontakt: Ingrid Merete Hjelle Tlf  55973710

Du må: 

  • Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vil få dette ila desember 2024/januar 2025
  • Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
  • Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
  • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa

Vi tilbyr deg: 

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4907904826
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.02.2025