Lignende stillinger
Vil du vere med på å utvikle den psykologfaglege behandlinga til pasientar i Legemiddelassistert behandling (LAR)?
Har du lyst å vere med inn i utviklinga av eit banebrytande felt? Brenn du for å hjelpe dei av våre medmenneske som slit mest? Ønsker du å jobbe tverrfagleg, men samtidig med et stort psykologfagleg nettverk rundt deg? Då håper vi du søker deg til oss!
Ledig vikariat ved LAR Laksevåg og Bergen Sentrum.
AFR har ca 600 medarbeidarar og består av seksjon LAR, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, både innan akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spanande utvikling, mellom anna knytta til aukande differensiering av tenester for avhengelidingar og fagleg integrasjon med Psykisk helsevern. Forskingseksjonen i AFR har fleire spennande forskingsprosjekt knytt til LAR , m.a som leiar av ein nasjonalt randomisert studie av substitusjon av amfetaminavhengige.
Seksjon LAR har per i dag ca 120 tilsette og er organisert 6 geografiske LAR team, eit team utvida sikkerheit (LAR-US) og team HAB (nasjonalt prøveprosjekt for heroinassistert behandling). Alle teama er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og sosionomar og erfaringskonsulentar. Behandling av pasientar i LAR skjer oftast i samarbeid internt i det tverrfaglege teamet og med samarbeidspartnarar i kommune og øvrig spesialisthelseteneste.
LAR -Psykologen: Det er ein psykolog knytta til kvart team. Stillinga er variert med høg grad av fleksibilitet. Arbeidet er delt i tre hovudområde. Ein del omhandlar individuell oppfølging med diagnostisering og behandling av rus og psykiske lidingar i pasientgruppa, her med moglegheit for langtidsoppfølging. Andre del omhandlar rettleiing og behandlingsplanlegging saman med øvrig team og andre. Tredje del er planlegging og utføring av gruppebehandling og utvikling av den psykososiale kompetanse inn i LAR.
Psykologgruppa består av 8 stillingar. Det er det lagt til rette for eit tett psykologfagleg felleskap, m.a. gjensidig rettleiing og psykologmøte i 2 dagar i veka. Psykologane er da samla i Østre Muralmenningen i Bergen Sentrum. Samlingane blir koordinert av ein seksjonspsykolog, som m.a. har i oppgåve å saman med resten av psykologgruppa å drive fram utvikling av LAR på det psykologfaglege området. Psykologen har 3 dagar i sitt lokale team.
LAR er opptatt av å vidareutvikle R-biten av tenestetilbodet og tilbyr m.a traumestabiliserande gruppeterapi, tilbakefallsførebyggande gruppe mm. Andre gruppetilbod er under utvikling. Psykologen som blir tilsett vil vere viktig i vidareutviklinga av dette tilbodet. Dei deltar og i implementering av kunnskapsbasert traumeterapi, EMDR og Kognitiv traumeterapi.
Det ledige vikariatet er knytt til LAR Laksevåg som held til i gode lokale i Damsgårdsveien 227. Det er gode og hyppig offentlig busstransport dit. Vikariatet er ledig tom 31.01.2026.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.