Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Språkassistent/miljøarbeidar 70% fast

Kvinnherad kommune NAV Kvinnherad

Sentrumsvegen 29, 5460 KVINNHERAD
Fast
Offentlig
Deltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Omtale:

Nav Kvinnherad har eit langtidsvedtak om å busetja 50 flyktningar i året fram mot 2027. Vi har dei siste åra busett over 200 flyktningar, hovudsakleg frå Ukraina. Vi søkjer nå etter ein språkassistent/miljøarbeidar til integreringsteamet vårt som raskt kan kome inn i oppgåver og bidra til at nye innbyggjarar i Kvinnherad kommune får gode tenester, og nødvendig hjelp og veiledning.

Nav Kvinnherad har cirka 35 medarbeidarar. I integreringsteamet er det tilsett 10 medarbeidarar med variert erfaring og kompetanse.

Integreringsteamet har ansvar for:

  • Busetting av flyktningar i tråd med kommunestyret sitt vedtak
  • Informasjon, råd og veiledning til flyktningar i etableringsfasen
  • Drift av introduksjonsprogram og oppfølging av deltakarane i programmet
  • Samarbeide med fleire aktørar og tenester i kommunen om oppfølging og rettleiing
  • Koordinering av arbeidet med tilskot for busetting av personar med nedsatt funksjonsevne eller atferdsvanskar

Vert du motivert av å jobbe med mennesker og endring? Trives du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Då kan dette vere jobben for deg.

Vi har ledig 70 % språkassistent/miljøarbeidar i fast stilling frå og med 01.02.25.

Arbeidsoppgåver:

  • Primæroppgåvene er knytta til tolking/oversetting frå norsk til ukrainsk knytta til samtalar med brukarar og i undervisning
  • Tett samarbeid med Vaksenopplæringa
  • Gje praktisk bistand og veiledning til flyktningar i etableringsfasen
  • Gje informasjon og veiledning som bidrar til at flyktningane vil klare seg sjølv i kvardagen

Det kan bli endringar i arbeids- og ansvarsområder.

Kvalifikasjoner:

  • Norsk nivå minimum B2
  • Kjennskap til integreringslova og introduksjonsprogram
  • Erfaring frå arbeid med flyktningar og/eller personar i sårbare situasjonar
  • Brei kunnskap om det offentlege tenesteapparatet og dets tilbod til innbyggarane
  • Erfaring med motivasjons- og endringsarbeid
  • Sosialfagleg forståing og flerkulturell kompetanse
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, muntleg og skriftleg – du må kunne kommunisere godt på både norsk, ukrainsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Personlige egenskaper:

  • Har høg arbeidskapasitet og solid gjennomføringsevne
  • Er nøyaktig og strukturert - klarer å jobbe systematisk i eit svært hektisk arbeidsmiljø
  • Er empatisk, samlande og inkluderande, har høg grad av serviceinnstilling
  • Er god lagspiller og brubyggjar - vise fleksibilitet og hjelper til der det trengs
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing

Vi tilbyr

  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.

Link til søknadsskjema: Søk her