Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Vil du leie prosessen med å utarbeide ein regional plan for Vestland?

NPI - Plan, klima og analyse, Vestland fylkeskommune

, SOGNDAL
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Er du interessert i samfunnsutvikling og har kompetanse innenfor planarbeid? Vestland fylkeskommune skal utarbeide to nye, tverrsektorielle regionale planar, ein for areal og mobilitet, og ein for verdiskaping og kompetanse. Vi ser etter ein kunnskapsrik og engasjert prosjektleiar til å drive fram arbeidet på ein av planane på ein inkluderande og innovativ måte, i samarbeid med eit internt team og med innspel frå kommunar og andre aktørar. Gode samarbeidsevner og engasjement for berekraftig samfunnsutvikling er føresetnader for å lukkast i stillinga. 

Vestland fylkeskommune er sentral samarbeidspart og pådrivar for utvikling i regionen innan berekraft, klima, næring, samferdsel, kultur og folkehelse med meir. Viktige arbeidsoppgåve for deg vil vere å leie og koordinere interne planbehov og interesser i fylkeskommunen, som skal nedfelles i dei nye planane. Du vil også ha ei viktig rolle med å legge til rette for godt samspill mellom mellom fylkeskommunen og kommunane, og dei statlege organa. Som prosjektleiar, vil du vere del av eit stort og kompetent fagmiljø, med mange treffpunkt både lokalt, regionalt og nasjonalt. 

Avdeling for næring, plan og innovasjon, har  i overkant av 100 medarbeidarar. Du vil vere del av seksjon for plan, klima og analyse. Vi held til i nye og attraktive lokale i Vestlandshuset sentralt i Bergen sentrum og i fylkeshuset på Leikanger. 


Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide og drive fram arbeidet med ein regional plan som prosjektleiar.
  • Koordinere og balansere innspel frå interne og eksterne aktørar.
  • Støtte og vere samarbeidspartnar til prosjektleiar i tilsvarande stilling. 
  • Delta i regionale plan- og utviklingsoppgåver etter ferdigstilling av regional plan. 

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • Prosess- eller prosjektleiarerfaring.
  • Mastergrad til dømes innan samfunns- eller arealplanlegging, geografi eller arkitektur. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet, men vil påverke kva for stillingsnemning du får. 
  • Erfaring frå arbeid med planlegging på lokalt eller regionalt nivå. 
  • Kunnskap om plan- og bygningslova.

Det er ein fordel med: 

  • Erfaring frå offentleg forvaltning.
  • Kompetanse innan samfunns- og arealplanlegging. 

Personlege eigenskapar

  • Interesse for regional og berekraftig utvikling.
  • Evne til å arbeide selvstendig og i team.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Evne til innovasjon og bruk av nye metodar og verktøy.

Vi tilbyr

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø.
  • Du vil få varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, og fagleg utvikling i eit kompetent og tverrfagleg fagmiljø i moderne og aktivitetsbaserte lokaler. Vi er opptekne av at vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.  
  • Kontorstaden er på Vestlandshuset i Bergen eller på fylkeshuset i Leikanger. 

Her kan du bli betre kjent med oss: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune 

Kontaktinformasjon

May Britt Hernes, Seksjonsleiar plan, klima og analyse, 41688169 , [email protected]
Liz Eva Tøllefsen, Fagansvarleg regional plan, [email protected]

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4922411437
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2025