Lignende stillinger
Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren er regional statleg miljøvernmynde og arbeider for gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk i Rogaland. Vi arbeider mellom anna med naturvern, naturforvaltning, forureining, uttalar til regionale og kommunale planar etter plan- og bygningslova.
Statsforvaltaren i Rogaland skal gjennom dialog og skriftlege uttalar, formidle styringssignal og nasjonale forventningar til kommunale og fylkeskommunale planar. Vi skal også samordne våre uttalar med andre statlege regionale instansar.
Avdelinga har 33 tilsette med stort engasjement for miljø, natur, klima og plan, og desse er inndelt i to fagområde med kvar sin fagleiar, fagområde natur og fagområde forureining.
Tilsyn er eit viktig verkemiddel som bidrar til at forureiningsregelverket vert etterlevd. Sakshandsaming etter forureiningslova er knytt til å behandle søknadar om utsleppsløyve og rettleiing. Statsforvaltaren skal medverke til gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk.
Miljøvernavdelinga har ledig eit engasjement som rådgivar innan tilsyn, forureining og sakshandsaming. Engasjementet har ei varigheit på om lag eitt år, med moglegheit for forlenging. Det er ønskeleg med tiltreding så snart som råd.
Du skal handsame saker etter forureiningslova, t.d. søknadar om utsleppsløyve. Du må også kunne rettleie verksemder, kommunar og innbyggjarar. Relevante fagfelt for denne stillinga vil vere:
Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar som
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Det må påreknast reise for å gjennomføre tilsyn. Du bør derfor ha sertifikat for personbil klasse B.
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren jobbar med mange sider av livet og samfunnet. Derfor meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å sikre ei endå betre oppgåveløysing. Så langt som mogleg legg vi til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, blir minst éin søkjar innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må søkjarane oppfylle visse krav og det må kryssast av i søknaden.
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Vi gjer merksam på at søknaden kun blir vurdert ut frå informasjonen som føreligger ved søknadsfristens utløp. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteriene som er beskrivne i annonsen. Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.
Statsforvaltaren har oppgåver innan ulike fagområde og ansatte med forskjellige utdanninger.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Kyv2NIG8gUw