Lignende stillinger
Eidfjord kommune har ledig fast stilling i 100 % som rådgjevar IKT. Stillinga inngår som ein av 2 stillinger i IKT-avdelinga.
Eidfjord kommune har eit nært IT samarbeid med Ulvik og Kvam kommunar basert felles Tennant, Intune, Entra, VM, Microsoft og Veeam servermiljø. IT har ansvar for drift og utvikling av kommunen sin infrastruktur og utstyr med nærare 1000 einingar.
Tilsette i kommunen nyttar Microsoft 365 produkta som basis arbeidsverktøy. Auka digitalisering går føre seg i alle sektorane, og IT vil ha ei sentral rolle i digitaliserings arbeidet med å gje råd, planleggja, tilretteleggja og fylgja opp einingane si digitale utvikling.
Kartlegging, planleggjing og tilretteleggjing av kommunen og einingane sine behov. Vurdera implementering av sentrale føringar frå stat, KS, Helsecirt, NSM. m fl
Digitalisering og tilpassa IT-løysingar
Sikre stabil IT-drift og brukarstøtte
Bidra til at tenestene nyttar digitale løysingar
Ivareta informasjonstryggleik
Forvalta IT-system portefølje
Høgare utdanning innan IT eller liknande (relevant erfaring kan kompensera for utdanning)
God forståing for IT-infrastruktur og tryggleik
Gode evner til å tileigna seg dybdekunnskap om behov og vurdera løysingar
Gode samarbeidsevner
Førarkort klasse B
Ei utfordrande stilling med faglege utviklingsmogelegheiter
Forma framtidas digitale tenester i Eidfjord kommune
Eit godt arbeidsmiljø med fleksibel arbeidstid
Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
Konkurransedyktige vilkår og løn etter avtale
God pensjonsavtale (KLP)
Eidfjord er ein av kommunane du kan søkja om nedskriving av studielån
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som til einkvar tid fylgjer av gjeldande lover og tariffavtalar.
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Arbeidsspråk er nynorsk.
Arkivsak nr.: 25/603
Velkomen som søkjar!