Lignende stillinger
Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda psykose og allmennpsykiatri.
Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:
Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
Opplæring av pasientar og pårørande
Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell
Vi søker nå etter en engasjert og erfaren spesialsjukepleiar i 100% som ønsker å jobbe i psykosepoliklinikken/FACT og vere med på å utvikle vårt behandlingstilbod til pasientar med psykose og ruslidingar.
Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:
Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS konsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT
Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utan døgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet har totalt ca. 200 pasientar i behandling, og er lokalisert på Tertnes og i Knarvik/Helsehuset.
Målgruppa er menneske med samansette vanskar med psykose og ruslidingar. Mange av dem har behov for langvarig oppfølging,samansette og koordinerte tenester. Vi har mye samarbeid med kommunehelsetenesta i dei enkelte pasientforløp. Arbeidsoppgåvene er mellom anna oppfølging og behandling av pasientar i tverrfagleg team, utarbeide og følge opp behandlingsplanar, handtering av legemiddel, oppfølging av tvungen psykisk helsevern saman med spesialistane, samarbeide med andre tenester i spesialisthelseteneste og kommune. Vi tilstreber å utvikle og tilby eit godt og heilskap behandlingstilbod for målgruppa.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.