Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Sunnfjord legeteneste har ledig

Sunnfjord kommune Legetenesta

, SUNNFJORD
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Vi har ledig fast stilling som lege i Sunnfjord kommune. Den er på legekontoret på Skei der det jobbar 3 fastlegar og ein LIS1-lege. 

Heimelen er ledig frå 01.09.2025 på Skei. Det er 800 pasientar på lista, men pasienttalet kan aukast. Ein må rekne med inntil 20 % kommunal stilling.

Dei fleste fastlegane jobbar som sjølvstendig næringsdrivande med 0-avtale. Vi kan og tilby fastløn/hybrid-avtale og vi har gode ALIS avtalar. Vi er stolte av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og hjelpepersonell. Vi nyttar Pasientsky som journalsystem.

Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 kommunar. Legevakta ligg i eigne lokale ved sjukehuset og har ansvar for legevakt, KAD-senger og legevaktsentral. Legevakta er fullt bemanna med hjelpepersonell heile døgnet.

Det vil ved tilsetting bli lagt vekt på at søkarane er personleg skikka, kan vise til gode samarbeidsevner og snakkar/skriv godt norsk.

Politiattest må leggast fram ved tilsetjing.

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!


Link til søknadsskjema: Søk her