Lignende stillinger
Er du blid, serviceorientert, arbeidsam og fleksibel?
Frå august har vi ledig ei fast 25 % stilling som sekretær (SKO 1070). Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon og er ei av to stillingar i resepsjonen. Instituttet er eit av fem institutt ved fakultetet, og har ca 85 tilsette.
Den som vert tilsett skal sitte i resepsjonen til instituttet for å ta imot gjestar og varelevering, samt svare på spørsmål knytt til tilsette og lokala i bygget og dei andre universitetsbygga i sentrum.
I tillegg kan ein bli spurd om å hjelpe med enklare administrative oppgåver.
• resepsjon – mottak av besøkande og varer
• enkle administrative oppgåver
• kjennskap til fakultetet og instituttet
• kjennskap til bygningane
• erfaring med tilsvarande oppgåver vert vektlagt
• vi ser helst at du er jusstudent
• har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
• er serviceinnstilt
• er fleksibel
• er utadvendt og har godt humør
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ein balansert kjønnsfordeling og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Vidare ynskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Vi håpar du søker på stillinga hos oss.
Søknaden skal innehalde:
• søknad og CV
• elektroniske kopiar av attestar og vitnemål
Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge, klikk “Søk stillinga”.
Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.
Søkerlister kan bli offentleggjort iht. Offentleglova § 25 andre ledd. Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på den offentlege søkarlista. Det er mogleg å be om å bli unntatt denne lista. Du må grunngje kvifor du ønskjer unntak frå offentleggjering, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, vil du høyre frå oss.