Lignende stillinger
Frå 1. august -25 er det ledig 2,8 faste stillingar for lærarar i Ål kommune, pt ved Nedre-Ål skule.
Grunnskule
Vi søkjer lærarar som brenn for å utvikle spennande, innovativ og praksisnær undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap. Vi treng lærarar som er gode på klasseleiing, relasjonsbygging og samarbeid, som har omsorg for elevane og skapar trygge gode klasse- og læringsmiljø der elevane trivst og lærer.
Det er spesielt behov for lærarar med undervisningskompetanse i faga norsk, matematikk og engelsk. Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg, i tillegg kompetanse innan norsk som andrespråk. Kontaktlærarfunksjon er aktuelt.
Skulane i Ål
Ål kommune har ein desentralisert skulestruktur med både små og litt større skular; Torpo skule, Skattebøl skule, Nordbygdene skule og Nedre-Ål skule. Frå 8. trinn blir alle elevane samla ved Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ønskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap ved skulane våre.
Nedre-Ål skule er ein barneskule 1.-7. trinn med 209 elevar og om lag 40 tilsette. Skulen har som fokus Respekt – Ansvar – Omsorg. I dette ligg det at skulen skal vere ein trygg og forutsigbar stad for alle, der elevane blir møtt med positive forventningar og tilpassa utfordringar. Gjennom elev- og vaksenstandardane våre held vi tak i dette saman – både barn og vaksne.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som:
Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
Send søknad
Velkomen som søkjar!