Me søkjer reinhaldar i 20% vikariat i eining reinhald frå 01.09.25 - 31.07.26
Arbeidsstad for tida er Bjoa barnehage. Arbeidet vert utført på dagtid 5 dagar pr. veke, måndag-fredag.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Dagleg reinhald, golvpleie, periodisk reinhald og hovudreingjering.
- Kjenne til og følgje gjeldande reinhaldsplanar, reglar og rutinar.
- Samarbeide med andre tilsette og brukarar av kommunale bygg.
- Bruke golvvaskemaskiner, og reingjering/vedlikehald av desse.
- Sette deg inn i og bruke kommunen sine digitale verktøy/system.
Me kan tilby:
- Variert arbeid med faglege utfordringar i eit positivt miljø.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning og erfaring innan fagområdet er ein fordel - men ikkje eit krav.
- Førarkort klasse B er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
- Du må beherska norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner og kunne jobbe godt i team.
- Gode haldningar og evna å kommunisere godt mellom tilsette med ulike morsmål og kulturar.
- Vere nøyaktig og merksam på detaljer, og oppretthalde ein god standard for reinhald/hygiene.
- Pliktoppfyllande, lojal og ansvarsfull.
- Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i periodar aleine.
- Helse og kapasitet iht arbeidets art, utføre oppgåver med god ergonomi.
- Fleksibilitet ved byte av arbeidstid, arbeidsoppgåver og arbeidsstader etter behov.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk her