Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Lærar / tilkallingsvikar i faga spansk, tysk, fransk og rettslære.

Sotra vidaregåande skule

Branndalsmyra 61, 5353 ØYGARDEN
Vikariat
Offentlig
Deltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena basert på tillit og respekt for kvarandre.


Vi søkjer etter tilkallingsvikararar i spansk, tysk, fransk og rettslære.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i spansk, tysk, fransk og rettslære.
  • Tett oppfølging av einskilde elevar.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega og skuleleiing.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt.
  • Samarbeide med kollega om elevane si læring og utvikling.

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse i eit eller fleire av faga spansk, tysk, fransk og/eller rettslære. Minimumskrav er 60 studiepoeng pr fag.
  • Pedagogisk utdanning.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode IKT kunnskapar.
  • Gode norsk-kunnskapar munnleg og skriftleg.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
  • Du har stort engasjement for faget.
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
  • Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgruppe for tilsette. 

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Jaspreet Kaur Gloppen, avdelingsleiar, 41292347
Erik Henneli, 95826077
Olav Lee, rektor                        , 93034370

Arbeidsstad

Branndalsmyra 61
5353 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4903496607
Stillingsprosent: 1%
Vikar
Søknadsfrist: 23.01.2025