Har du eit varmt hjarte for menneske i sårbare livssituasjonar, og ønskjer å bidra med tryggleik og god pleie på nattestid? Då kan du vere den nattevakta me ser etter ved avdelinga korttid og rehabilitering (KOR).
KOR ved Bømlo Bu- og helsesenter har grunna utviding og mellombels meiransvar på natt oppretta tre nye faste nattevaktstillingar i 66 %. Stillingane inneber årsturnus med arbeid kvar tredje helg.
KOR er ei aktiv og tverrfagleg avdeling med høg fagleg kompetanse og stor variasjon i pasientgruppa. Pasientane kjem frå sjukehus eller heimen for kortare eller lengre opphald, som kan vere kartlegging, rehabilitering, avlastning, korttidsopphald eller palliativ behandling. Avdelinga har 10 korttidsplassar, 5 rehabiliteringsplassar og 1 lindrande seng, og samarbeider tett med lege, heimeteneste, ergo- og fysioterapitenesta.
Hos oss får du moglegheit til å jobbe i eit miljø der samarbeid, fagleg utvikling og pasientomsorg står i sentrum. Me har eit godt samarbeid med dei andre avdelingane ved BBH på natt.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilskapeleg pleie, omsorg og medisinsk behandling.
- Oppfylging av pasientar og pårørande.
- Aktiv rehabilitering.
- Dokumentasjon i elektronisk journalsystem.
- Samarbeid med legevakt og andre behov.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie eller vernepleie.
- Autorisert helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
- Assistentar som samlar timar for å ta fagbrev i helsefag kan også søkje.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, og minimum ha bestått norskprøve på B2- nivå
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting etter helse og omsorgstenestelova § 5.4.
Personlege eigenskapar
- Du er trygg i rolla di og har evne til å arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivs med tett samarbeid i eit tverrfagleg team.
- Du er fleksibel, løysingsorientert og handterer ein variert arbeidskvardag med ro og struktur.
- Du er god til å vurdere situasjonar, ta ansvar og setje i verk nødvendige tiltak – også i krevjande situasjonar.
- Du har eit ekte engasjement for pasientane sine behov, og bidreg aktivt til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysningar
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvalifiserte
søkjarar om å søkje stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om
anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden
din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du
kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og
rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Isabel Knutsen.
Kontaktinformasjon
Isabel Knutsen, Avdelingsleiar korttid/rehabilitering, 909 34 641,
[email protected]
Arbeidsstad
Leirdalen 25
5430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 4973759065
Stillingsprosent: 66%
Fast
Søknadsfrist: 09.06.2025