Lignende stillinger
Vindafjord kommune sin visjon er å vere vital og sentral, og kommunen sine satsingsområde er berekraftig kommune, attraktive lokalsamfunn og framtidsretta tenester - gode liv og livslang læring. For å innfri på desse satsingsområda, er det avgjerande med god og langsiktig planlegging. Som planleggjar i Vindafjord kommune vil du få ei sentral rolle i å forma framtidas Vindafjord.
Stillinga er 100 % fast og vil vere plassert i eining areal og forvaltning, med kontorstad på Teknisk bygg i Sandeid.
Kva får du jobba med hos oss?
Me kan tilby:
Me søker deg som har:
Kandidatar som ikkje fullt ut oppfyller dei formelle krava til utdanning, men har relevant praksis og erfaring, kan bli vurderte til stillinga.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Om eining for areal og forvaltning
Eining areal og forvaltning er ein del av rammeområdet samfunnsutvikling. Rammeområde består av einingane areal og forvaltning, kommunaltekniske tenester, reinhald og kultur og læring. I tillegg kjem overordna ansvar for næringsutvikling, planstrategi, samferdselssaker, folkehelsearbeid, større byggjeprosjekter og strategisk kjøp og sal av eigedom.
Areal og forvaltning dekker fagområda plan, byggjesak (inkl. deling), oppmåling/matrikkelføring/kart, landbruk (jord- og skogbruk), miljø, vilt- og fiskeforvaltning, adressering, eigedomsskatt, avløp, og forureining frå landbruk. Eininga har og arbeidsoppgåver knytt til forvaltning av vatn (ferskvatn og fjordar) gjennom vassområdeforvaltninga (både i Rogaland og i Vestland).