Gimle skule og SFO har ledige stillingar frå 01.08.2025, faste og vikariat i ulike stillingsprosentar.
Gimle skule er ein 1-10-skule som ligg midt i sentrum av Fyresdal i nærleik til symje- og idrettshall, kulturhus, bibliotek, helsehus og barnehage. Det er også gangavstand til butikkar og bygdemuseum. Skulen har skateanlegg, leikeapparat og to fotballbanar som elevane kan utfalde seg på, i tillegg til at den ligg rett ved Hamaren Aktivitetspark som er tilrettelagt for både leik, vandring og sykling. Etter skuletid brukast skulen av SFO og kulturskulen.
På Gimle skule arbeider vi kontinuerleg med å skape trygge og gode skulemiljø for elevane kor dei kan oppleve fagleg meistring og sosial inkludering. Per mars 2025 går det 139 elevar ved skulen og det er om lag 30 årsverk. Skulen har rektor og inspektør samt tre lagleiarar som er knytt opp mot småsteg, mellomsteg og ungdomssteg.
Intervju vil skje fortløpande. Oppstart 01.08.2025.
Arbeidsoppgåver
- Oppfylging av elevar med særskilte behov, medrekna tilrettelegge for opplæring.
- Samarbeide med pedagogar og fagarbeidarar på skulen.
- Delta i skulens kompetanse- og utviklingsarbeid.
- Stillingane er kombinasjonsstillingar tiltenkt på skulen og på SFO.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande.
- Erfaring frå arbeid med elevar med samansette utfordringar.
- God digital kunnskap til å nytte skulens digitale plattformer. Vi brukar blant anna Office 365 og ulike Visma-plattformer.
- Gode norskkunskapar både munnleg og skriftleg, minst nivå B2.
Personlege eigenskapar
- Inneha god relasjonskompetanse.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner ovanfor elevar og kollegaer.
- Interesse for og evne til å setje seg inn i nye digitale plattformer/verktøy ved behov.
- Inneha eit positiv elevsyn og tru på at elevane kan lykkast.
- Engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande avtaleverk.
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar.
- Ein spennande og variert kvardag.
Kontaktinformasjon
Anders Bergsland, Rektor Gimle skule, +47 97 73 41 52
Arbeidsstad
Fyresdalsvegen 2237
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fyresdal kommune
Referansenr.: 4960568226
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 19.06.2026
Søknadsfrist: 09.05.2025