Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Allmenlærar/spes.ped. Måløykollektivet

Stiftelsen Måløykollektivene

Hans Blomgate 42, 6905 KINN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Kinn kommune søker lærar til opplæringstilbodet ved Måløykollektivet i Torskangerpollen. Måløykollektivet er ei samling av fleire bueinigar som utgjer Klokkergårdstiftelsen, ein ideell stiftelse med det formål å rehabilitere ungdom frå 13-årsalderen med rus og/eller adferdsproblemer plassert etter lov om barnevernstenester (www.klokkergard.no). Lærarane er tilsett i Kinn kommune ved Vågsøy ungdomsskole, men har arbeidsplassen sin ved Måløykollektivet, og samarbeider tett med dei tilsette ved Måløykollektivet. Ved særskild høve kan stillinga delast med engasjement på Vågsøy ungdomsskole. 
Det skal tilsettast lærar i 100 % fast stilling. For tida er der 300 % lærarresurs knytta til kollektivet. 


Arbeidsoppgåver

Undervisning på ungdomstrinnet.

Oppfølging av einskildelevar. 

Kvalifikasjonar

Godkjent allmenlærar/ grunnskulelærer/ PPU undervisningskompetanse på ungdomsskulenivå. 
God relasjonskompetanse og personlege eigenskapar kan  til vege opp for manglande formell kompetanse.  

Erfaring frå liknande arbeid vil bli lagt vekt på.

Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.

Det er krav om politiattest av nyare dato. 

Personlege eigenskapar

Vi er ute etter ein person med god evne til samarbeid. Du vil jobbe tett i team kvar dag. Det er også viktig å samarbeide godt med dei mange medlevarane på kollektiva.  Vi er ute etter ein person med godt humør og som har svært god tolmod i det kontinuerlige arbeidet med å "treffe" elevane både fagleg og på det personlege planet. Relasjonskompetanse er like viktig som det faglege. 

Det er viktig å vere fleksibel i kvardagen med tanke på å kunne bygge relasjon både i klasserommet og på alternative arenaer for opplæring og relasjonsbygging.

Vi tilbyr

Ekstern og intern rettleiing. Varierte arbeidsoppgåver. Bli ein del av eit arbeidsmiljø prega av stort engasjement med fokus på andres og eigen utvikling.
Stillinga lønast i samsvar med utdanningsnivå og arbeidserfaring.

Kontaktinformasjon

Kåre Bakke, Rektor, +47 91384522

Arbeidsstad

Hans Blomgate 42
6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 4879535754
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2024