Vestland Fylkeskommune søkjer ein engasjert og tydeleg klinikkleiar for Askøy klinikkområde i 100% fast stilling.
Askøy tannklinikk er lokalisert på Kleppestø senter, som ligg sentralt på Askøy like ved Kleppestø kai og bussterminal. Det er kort reiseveg frå Bergen sentrum. Det går passasjerbåt mellom Kleppestø kai og Strandkaien i Bergen sentrum. Ca 13 minutters overfartstid.
Klinikken er moderne og har flotte lokaler med 11 behandlingsrom. Det er et godt fagmiljø med hyggjelege kolleger: 6 tannleger, 4 tannpleiere og 9 tannhelsesekretærar.
Arbeidsoppgåver
- Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og føl målsetnadane til Vestland
Tannhelseteneste - Syte for at klinikkområdet gjev tilbod med høg fagleg kvalitet og god service til pasientar
- Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette med fagleg utvikling og god medverknad
- Personalleiing
- Økonomistyring
- Som klinikkleiarer vil du vere ein del av områdeleiar si leiargruppe, og det er forventa at du aktivt deltar i strategi- og utviklingsprosessar for område
Kvalifikasjonar
Vi ynskjer at du har tannhelsefagleg bakgrunn, og gjerne erfaring frå leiing.
Kjennskap og erfaring frå offentleg tannhelseteneste er ein fordel.
Det er og ein fordel om du har leiarutdanning. Dersom du ikkje har dette tilbyr vi slik videreutdanning.
Du må beherske norsk skriftleg og munnleg. Søknaden må være på norsk.
Du må kunne syne til godkjent politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- gjennom god leiing etablerer tillit og skapar samhald
- byggjer eit sterkt fagleg fellesskap og ein verdibasert kultur, og som heile tida søkjer vidare utvikling
- har gode kommunikasjonsevner
- har god gjennomføringsevne
- opptrer tydeleg som arbeidsgjevar og gjennomfører administrative vedtak
- har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartar
Vi tilbyr
- ei spennande og variert leiarstilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- godt samarbeid i områdeleiar si leiargruppe
- løn etter avtale
- gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
Kompetent, open og modig er dei grunnleggande verdiane i Vestland Fylkeskommune, og skal være
grunnlag for all leiing.
Kontaktinformasjon
Mette Vibeke Skønberg Vallentinsen, områdeleiar tannhelse, 92887298
Arbeidsstad
5300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4962698390
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.06.2025