Lignende stillinger
Ei fast stilling som seniorkonsulent SKO 1363 er ledig ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium.
Vi har for tida ein ledig stilling som studiekonsulent (seniorkonsulent 1363) ved Institutt for lingvistiske og studium (100% stilling).
Studiekonsulenten er ein del av eit team på 8 personar som dekker alt administrativt arbeid knytt til instituttet sine studieprogram frå bachelor til ph.d.-nivå, samt kurs i norsk for internasjonale studentar.
• planlegging og oppfølging av undervisning og eksamen
• administrativ drift av program og emne
• evaluering og kvalitetssikring, medrekna enklare utgreiingsarbeid
• mottak, rettleiing og oppfølging av studentar
• informasjonsarbeid, medrekna redigering av nettsider, publisering i - og røkting av instituttets sosiale medium
• avvikling av studentarrangement
• generell sakshandsaming
Det kan og bli lagt andre oppgåver til stillinga.
Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillinga”.
Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.
Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
Studieleiar: May Maria Tollerud, tlf: +47-22 85 49 05
For spørsmål om rekrutteringsprosessen: HR-konsulent Daniel Nersveen