Lignende stillinger
Avdeling Infrastruktur og veg (INV) utviklar kvardagsvegane i Vestland. Kvardagsvegane bind menneske og lokalsamfunn saman. Dei skaper felles identitet samstundes som dei bind oss saman med resten av landet og Europa. Vi er ein av landets største byggherrar innan samferdsle, og vi har mange spennande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.
Til seksjonen Utbygging Bergen og Sunnhordland søkjer vi etter ein tydeleg og utviklingsorientert leiar som skaper engasjement og set retning. Med deg på laget får du 33 dyktige medarbeidarar, og eit godt leiarfellesskap.
Som seksjonsleiar får du ansvar for å levere i tråd med politiske føringar og vedtekne investeringsbudsjett for det geografiske området Bergen og Sunnhordland. Prosjektportefølja er på om lag kr 800 mill pr år. I tillegg til mange mindre og større prosjekt vil du ha ansvaret for to bompengepakkar; Miljøløftet og Bømlopakken.
Vi ønskjer oss ein leiar som kan utvikle oss vidare med å ta i bruk ny teknologi og nye kontrakts- og samarbeidsformer. Dette er prioriterte satsingsområde for avdelinga.
Du må også bidra til godt samarbeid både internt i organisasjonen og med eksterne aktørar. Arbeidsstaden din vil vere på Vestlandshuset i Bergen.
Vi kan gje deg ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med mykje ansvar. Vi er ein organisasjon med store moglegheiter for påverknad og utvikling.
Du får tre leiarkollegaer med same ansvar, men for andre geografiske område i fylket. Du blir og ein del av leiargruppa på avdelinga.
Vi er fortida inne i ein organisasjonsutviklingsprosess på avdelinga, så vi må ta atterhald om eventuelle strukturelle endringar på eit overordna nivå.
Du har relevant høgare utdanning og erfaring frå leiing. Det er ein fordel med erfaring med vegbygging / samferdsel. Har du erfaring frå annan utbyggingsverksemd ønsker vi sjølvsagt også å høyre frå deg. Lang og relevant erfaring kan kompensere for krav om høgare utdanning.
Har du spørsmål om stillinga, eller ønskjer å vite meir, er du velkommen til å ta kontakt med avdelingsleiar Gunhild Vangsnes eller seksjonsleiar Cathrine Botnevik.