Gloppen kommune har ledig 100 % fast stilling som ergoterapeut frå 01.09.2025.
Fysio- og ergoterapitenesta er lokalisert på to stader og samorganisert med helsestasjons- og skulehelsetenesta, barnevernstenesta, PPT og psykisk helseteneste i Familiehuset.
Avdelinga har 0,6 årsverk i Frisklivsentralen, 1,6 årsverk for ergoterapeut, 5 årsverk for fysioterapeut inkludert leiar, 2,5 driftstilskot for private fysioterapeutar og turnuskandidat.
Fysio-og ergoterapitenesta deltek i Gloppen kommune si satsing på førebyggande arbeid og rehabilitering for at innbyggarane skal meistre eige liv og kunne bu i eigen heim, så lenge som mogeleg. Viktig fokus her er eit tett samarbeid med øvrige kommunale tenester i Helse og velferd og i Familiehuset, Frisklivsentral, førebyggande treningsgrupper, tilrettelegging av bustad og andre rehabiliteringstiltak.
Gloppen Kommune har eiga rehabilitering- og kortidsavdeling på Omsorgsenteret. Fysio- og ergoterapeut i til saman 0,8 årsverk har arbeisdsoppgåvene sine på rehabiliteringsavdelinga.
Gloppen kommune har også implementert kvardagsrehabilitering i heimetenestene og det er etablert kvardagsrehabiliteringsteam i dei ulike geografiske sonene.
Ein av ergoterapeutane i avdelinga nyttar 0,2 årsverk i Hukommelsesteamet i kommunen
To av fysioterapeutane har i delar av stillinga si arbeidsoppgåver retta inn mot barn og unge, der ein i lag med Familiehuset er godt i gang med å utvikle gode tenester.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid for kommunen sitt hukommelsesteam.
- Arbeid med kvardagsrehabilitering og rehabilitering på Gloppen omsorgssenter.
- Kartlegging /funksjonsvurdering/tilrettelegging for vaksne og eldre bebuarar i kommunen som har hatt eit funksjonsfall.
- Vurdering, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddel.
- Tett tverrfagleg samarbeid med aktuelle instansar.
- Arbeidsoppgåvene kan bli endra med endra behov i tenestene.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent ergoterapeut med norsk autorisasjon.
- Det er ynskjeleg med brei erfaring frå kommunehelsetenesta /spesialisthelsetenesta.
- Praktisk erfaring frå arbeid med rehabilitering og hukommelsesteam/demens vert tillagt i vurderinga.
- God norskkunnskap, IKT-kompetanse og god evne til skriftleg og munnleg framstilling.
- Førerkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Er fagleg engasjert og utviklingsorientert
- Har engasjement for førebyggjande arbeid og øvrige arbeidsoppgåver
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Har evne til å arbeide strukturert og målretta
- Evnar å sjå heilskap
- Har god arbeidskapasitet, er fleksibel og toler raske omstillingar
- Positiv bidragsyter inn i eit inkluderande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Eit godt og triveleg fagmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar.
- Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
- Tenester i utvikling.
For stillinga gjeld ei prøvetid på seks månader
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Jannike Felde, Avdelingsleiar fysioterapi/ergoterapi, +47 95828896
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 4916518495
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 19.03.2025