Vil du bli vår nye medarbeidar innan reinhald? Bli med i vårt fleirkulturelle lag!
Er du ein detaljorientert og påliteleg kollega som likar reinhald og å sjå eit umiddelbart resultat av arbeidet du gjer? Vil du bidra til eit reint og triveleg miljø for dei som brukar kommunale bygg? Likar du i tillegg å arbeide med data og kontorarbeid? Då er du den me leitar etter!
Stillinga er i avdeling reinhald og tekstil, under teknisk drift og infrastruktur. Stillinga er fordelt med 70 % i reinhald og 30 % som leiande reinhaldar, for tida i sone Åmot. Me yter reinhaldstenester til skular, barnehagar, sjukeheim, omsorgsenter, kontorbygg med meir. Reinhaldsavdelinga er organisert i team og er opptekne av å hjelpe kvarandre for å gje gode tenester.
Me yter reinhaldstenester til alle skular, barnehagar, sjukeheim, kontorarbeidsplassar med meir. Me held oss oppdatert med moderne reinhaldsutstyr. For å ivaretaka deg som tilsett, er me opptekne av god ergonomi, å tilpasse arbeidsutstyr og arbeidstilhøve for å styrke det fysiske arbeidsmiljøet og redusere arbeidsbelastning. Reinhaldsfaget er variert og gjev deg god fysisk aktivitet gjennom arbeidsdagen.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåver som leiande reinhaldar:
- Leie reinhaldarar, for tida i sone Åmot.
- Ansvarleg for å skaffe vikarar og gje opplæring.
- Bruke programmet Gat til arbeidsplanar, time- og fråversregistrering.
- Oppdatere og lage enkle reinhaldsplanar for bygga.
- Setje deg inn i, og bruke kommunen sitt verktøy for internkontroll.
- Organisere og planlegge reinhaldet.
- Opplæring og oppfylging av brannførebyggande arbeid.
- Ansvar for innkaup.
- Utføre tilsynsrapportar.
- Samarbeid og møte med verksemdsleiar.
- Samarbeid med brukarane.
Hovudoppgåver som reinhaldar:
- Dagleg, periodisk og hovudreingjering av kommunale bygg.
- Smittereinhald ved behov.
- Utføre arbeidsoppgåver etter reinhaldsplanar.
- Samarbeid med andre tilsette og brukarar av kommunale bygg.
- Påfyll av t.d. såpe- og papirdispenserar, handtering av restavfall med meir.
- Bruk av golvvaskemaskiner og reingjering/vedlikehald av desse.
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan fagområdet er ynskjeleg.
- Erfaring innan fagområdet.
- Fordel med reinhaldserfaring innan skule og barnehage.
- Gode datakunnskaper
- Fysisk god helse, kunne gå mykje i løpet av dagen, gå i trapper, bere/lyfte varer og utstyr.
- Du må utføre arbeidsoppgåver etter god ergonomi.
- Forstå og snakke godt norsk.
- Førarkort klasse B.
- Må kunne disponere eigen bil.
- Krav til politiattest.
Personlege eigenskapar
- Gode haldningar og evne til å kommunisere godt med tilsette med ulike morsmål og kulturar.
- Gode samarbeidsevner for å kunne jobbe i team.
- Fleksibilitet ved byte av arbeidstid, arbeidsoppgåver og arbeidsstader etter behov.
- Vere merksam på detaljar og oppretthalde ein god standard for reinhald/hygiene.
- Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i periodar aleine.
Me tilbyr
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Faglege oppdaterte og dyktige kollegaer.
- Arbeidsmiljø med fokus på den gode arbeidsplassen, ergonomisk og psykososialt.
- Løn etter KS tariff og lokal lønstabell.
- Funksjonstillegg for leiande reinhaldar.
- Kilometergodtgjering etter statens satsar, når du køyrer mellom arbeidsstadene.
- Fast godtgjersle for å nytte eigen bil.
- Gode barnehagetilbod.
- I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
- I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
Kontaktinformasjon
Signe Bjørg Solberg, Verksemdsleiar reinhald, +47 90010867
Arbeidsstad
Vinjevegen 192
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 4944307548
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.08.2025
Søknadsfrist: 28.05.2025