Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Undervisningsstilling tilrettelagt opplæring - fast

STO - STORD VGS, Vestland fylkeskommune

STORD, 5412 STORD
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.

Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN

Stord vidaregåande skule har ledig fast undervisningsstilling i 100%, for tida knytt til tilrettelagt opplæring med undervisning i HTA og HTH-grupper.

Stillinga kan også bli knytt til individuelt tilrettelagt opplæring for einskildelevar i ordinære klassar.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning på avdeling
  • Utarbeide mål og tiltak og bidra til å følge opp elevar sitt læringspotensial og sosiale kompetanse
  • Gjennomføre og koordinere aktivitetar og opplæring i samarbeid med pedagogar og miljøarbeidarar
  • Kontaktlærarfunksjon kan vera aktuelt. Bidra til eit godt skule-heim samarbeid
  • Samarbeid med eksterne aktørar rundt eleven
  • Delta i skulen sitt utviklingsarbeid
  • Bidra til at elevar og tilsette på avdelinga opplever eit positivt og utviklande miljø

Kvalifikasjonar

  • Grunnskulelærar eller tilsvarande utdanning
  • Spesialpedagogikk
  • Undervisningskompetanse i skulen sine øvrige fag vil vera ein føremon
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid vil bli vektlagt

Den som vert tilsett i Vestland fylkeskommune, må leggja fram godkjent politiattest.

Alle nytilsette i Vestland fylkeskommune får ei prøvetid på 6 månader.

Personlege eigenskapar

  • Er strukturert og fleksibel
  • Trivst med å jobbe i team saman med pedagogar og miljøarbeidarar
  • Har erfaring med å samarbeide med føresette og andre støttesystem kring elevane
  • Ser mogleikar og er kreativ i planlegging og gjennomføring av undervisning

Vi tilbyr

  • Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Engasjert fag- og arbeidsmiljø
  • Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer

Kontaktinformasjon

Mona Ulgenes, avdelingsleiar, 93499806

Arbeidsstad


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4967111154
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025