Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt feriejobb?
Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar, og kanskje du er ein av desse?
I juni, juli og august treng vi ferievikarar i Haram omsorgstenester. Vi kan tilby gode bonusordningar for ferievikarar! Les informasjon om dette under.
Vi trenger vikarar hos:
- Haram Omsorgssenter
- Eidet Omsorgssenter
- Heimtenesta på Nordøyane/Indre Haram/Ytre Haram
- Dagsentera på Longva/Eidet/Brattvåg dagsenter
Vi søkjer etter personar med helsefagleg kompetanse og pleiemedhjelparar utan relevant utdanning. Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så kan vi gje deg god opplæring! Har søker spesifikke ønsker er det flott om ein skriv om ein primært ønsker å arbeide på omsorgssenter eller i heimetenestene.
Det er fortløpande tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Spennande og meiningsfylt arbeid innan våre verksemder for sjukeheim, heimeteneste og dagsenter
- Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i eit direkte møte med menneske
- Vi treng også heimehjelper til å utføre vask og praktisk bistand hos heimebuande brukarar
Kvalifikasjonar
- For stillingar i heimeteneste er det krav om førarkort klasse B
- Det er krav om å kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioda veke 26-33
- Personar som kan arbeide 6-8 veker vil bli prioritert
Personlege eigenskapar
- Du må vere omsorgsfull, ha gode samarbeidsevner og kunne bygge gode relasjoner til våre brukere
- Du må vere lærevilleg og kunne ta til deg kunnskap som blir gitt under opplæring
- Du må vere presis, ansvarsfull og ha god arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Løn etter tariff.
- God opplæring.
- Studentar med helse- og sosialfagleg utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
- Ferdig utdanna sjukepleiarar/vernepleiarar kan få ein bonus på kr 10 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i minimum 80% stilling i perioden veke 26 – 33. Opplæringsperiode tel ikkje med i ordninga. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
- 5000 kr i bonus for kvar veke du arbeidar utover 4 veker, med krav om minimum 80% stilling i heile avtaleperioda.
Kontaktinformasjon
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954,
[email protected]
Arbeidsstad
Storgata 20
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4911992263
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 22.06.2025