Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Logistikk- og transportmedarbeidar

SIMAS IKS

Festingdalsvegen 368, 6854 SOGNDAL
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Om stillinga

SIMAS søkjer logistikk- og transportmedarbeidar til hovudanlegget vårt i Festingdalen. Som logistikk- og transportmedarbeidar vil du i hovudsak jobbe på vekta og ta imot næringskundar. Du vil bli ein del av eit tverrfagleg fellesskap med dyktige kollegaer som har ei viktig rolle i lokalsamfunnet.


Arbeidsoppgåver

  • Ta i mot kundar på vekta
  • Ansvar for koordinering av avfall ut frå Festingdalen
  • Registrere avfall 
  • Logistikk av transport til og frå miljøstasjonar
  • Logistikk av kompost, bestillingar og utlevering
  • Ansvar for kontroll, oversikt og koordinering av aktivitetar og dokumentasjon på det som blir levert over vekt. Mottakskontroll av avfall, avfall til deponi med basiskarakterisering og deklarering av avfall
  • Levere fakturagrunnlag til økonomiavdelinga 
  • Sørge for god flyt på anlegget 

Ynskjeleg utdanning/praksis

  • Erfaring frå avfallsbransjen
  • Relevant utdanning/kurs innan logistikk og transport
  • Grunnleggjande IT-kunnskap

Personlege eigenskapar vil kunne vege opp for manglande formell kompetanse.


For stillinga søkjer me etter personar som

  • Ser moglegheiter og tek initiativ til forbetringar
  • Er strukturert, systematisk og har ein planmessig tilnærming til arbeidet
  • Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
  • Villeg til å setje seg inn i og lære nye ting
  • God kommunikasjonsevne, skriftleg og munnleg
  • Kan ta eit ekstra tak når det trengs

Me kan tilby

  • Varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn
  • Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing
  • Fleksibilitet i arbeidstid
  • Løn i.h.t. eigen lønstabell med pensjonsordning i KLP