Lignende stillinger
ØNSKJER DU Å JOBBE MED REKRUTTERING, BEMANNING OG OPPFØLGING AV PERSONELL?
Likar du å handtere fleire oppgåver samtidig? Er du god på å etablere relasjonar med ulike mennesketypar, og trivast du i kontakt med mennesker? Då håpar vi å komme i dialog med deg!
På grunn av aukande arbeidsmengde, og nye spanande oppdrag treng vi fleire medarbeidarar ved vår driftsavdeling i Bergen. Vi har difor behov for ein bemanningskoordinator i eit års vikariat, med moglegheit for fast tilsetting.
Du inngår i eit team beståande av operative leiarar, samt bemanningskoordinator. Saman har dykk ansvar for å bemanne ei portefølje av fartøy som skal driftast best mogleg til ei kvar tid.
Som bemanner hos oss får du ei viktig rolle der du sikrer at ansettelsesprosessen går sømløst fra start til slutt. Fra administrasjon og koordinering til å bistå i kommunikasjonen med kandidatar, er du helten som gjør rekrutteringa til ein god opplevelse for alle partar.
Kven håpar vi at du er?
For å trivast i jobben må du ha pågangsmot. Du må trivast i kontakt med mennesker, og ha evne til å skape relasjonar og nettverk. Du søkjer stadig etter nye måtar å etablere truverdegheit, tillit og innflytelse i relasjonane dine. Du jobbar systematisk, og ser framover.
Erfaring fra maritim næring, og kjennskap til sjøansattes kvalifikasjonskrav er ein fordel.
Du vil primært jobbe med rekrutterinsgprossesen, men du vil i perioder avlaste våre bemanningskoordinatorar, om det er nødvendig.
Lurar du fortsett på kvifor du skal søkje?
Du blir del av eit team som er bygd på kjerneverdiane: godt humør, openheit og ærlegheit, påliteleg, lønsemd, samhandlande og stoltheit. Vi trur på den positive effekten av godt humør, og vil skape ein arbeidskultur der smil og engasjement er viktig. Vi set stor pris på open kommunikasjon og ærlege tilbakemeldingar, dette trur vi er med på å skape tillit.
Vi er opptekne av å dele tankar og idear fritt. Vi tar pålitelegheit på alvor, og drivast av å levere kvalitet i alt vi gjer. For å lukkast må vi ha smarte strategiar, god lønsemd og effektiv drift slik at vi skapar rom for vekst og utvikling. Teamarbeid er avgjerande for vår suksess, og vi samarbeidar på tvers av avdelingar, og fagområde.
Høyrast dette spanande ut? Då håpar vi du vil søkje!