Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Avdelingsleiar - Knarvik ungdomsskule

Alver kommune

Juvikstølen 17, 5916 ALVER
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Om stillinga

Ved Knarvik ungdomsskule er det i no ledig 100% stilling som avdelingsleiar.

Knarvik ungdomsskule ligg sentralt plassert i Knarvik sentrum. Skulen har om lag 400 elevar og 50 tilsette og er den største ungdomsskulen i Alver kommune. Skulen er ein MOT skule.


Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar er du ein del av skulen sitt leiarteam saman med rektor og dei to andre avdelingsleiarane.


Du vil ha hovudansvar for eit av trinna. Det vil sei at du, saman med rektor, skal leie dei utviklingsprosessane teamet til ein kvar tid jobbar med, i tillegg til å sikre den daglege drifta på steget. Du vil ha oppfølgingsansvar for dei elevane som soknar til steget og du vil ha delegert personalansvar for tilsette som jobbar på steget. 

Andre leiaroppgåver vil bli fordelt mellom rektor og avdelingsleiarane etter kompetanse og ønskje.

Det vil ligge inntil 30% undervisning til stillinga. Avdelingsleiarane på skulen har òg ansvar for fråværsoppfølging etter turnus.


Kompetanse

Vi søkjer ein avdelingsleiar med relevant pedagogisk utdanning og arbeidserfaring frå ungdomsskule. I tillegg vil vi leggje vekt på leiarutdanning og/eller tilsvarande arbeidserfaring.

Vi ønskjer ein avdelingsleiar som, sjølv i ein hektisk kvardag, evner å møte kvar einskild elev og medarbeidar der dei er. Du må kunne delta i – og legge til rette for – utviklingsprosessar og kvalitetssikring med fokus på elevane si læring i klasserommet. Det er viktig at du er oppteken av å skape gode relasjonar til elevar, tilsette og føresette. Vi verdset godt humør og evna til å skape eit godt arbeidsmiljø.

Vi ser etter deg som har:

  • god kjennskap til opplæringslova og gjeldande avtaleverk
  • gode skriftlege og munnlege formidlingsevner
  • sterke kommunikasjonsevner i møte med elevar, føresette og kollegaer

I tillegg legg vi vekt på at du:

  • viser sjølvstende og tek initiativ
  • er løysingsorientert, fleksibel og raus
  • har framifrå samarbeidsevner og ein er positiv pådrivar

Dersom du kjenner deg att i dette, vil!


Vi tilbyr

Ein dynamisk arbeidsplass med dyktige og rause medarbeidarar, flott og ivrig ungdom og ei engasjert og kompetent leiargruppe.

Løn etter avtale.


Politiattest

Ved tilsetjing vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest, dette i samsvar med opplæringslova.