Lignende stillinger
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wVed Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kjemi med spesialisering innan marin naturstoffkjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til gruppa ‘Bioressurser og farmasøytisk kjemi’, som er éi av fire forskingsgrupper ved Kjemisk institutt.
Forskingsarbeidet vil være knytt til ekstraksjon, isolering og karakterisering av naturstoff frå marin biomasse, og PhD prosjektet vil være knytt til eit pågåande forskingsprosjekt. Utforskinga vil være på molekylært nivå med utstrekt bruk av analytisk instrumentale metodar som analytisk og preparative HPLC, høgfelt kjernemagnetisk resonansspektroskop (NMR) og massespektrometri (MS). Prosjektet krev derfor ein kandidat som har høge ferdigheiter i og interesse av analytisk laboratoriearbeid. Det er forventa at kandidaten vil bidra til rettleiing av bachelor og masterstudentar og delta aktivt i akademiske aktivitetar innanfor gruppa og ved Kjemisk institutt.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Omstillinga som ph.d. stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervising, og avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til
professor Monica Jordheim, e-post: [email protected].
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Anna Folgerø, e-post: [email protected].
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5