Eg er ei jente på 28 år som søkjer etter fleire personlege assistentar. Eg treng engasjerte og flinke personar som likar å ta ansvar og følge opp både praktiske og personlege oppgåver. Eg bur i eigen bustad og assistansen vil vere i og utanfor heimen. Eg er på jobb på dagtid.
Eg er ei aktiv jente som likar å vere i aktivitet. Turgåing i nærområdet, men også fjellturar er noko eg likar veldig godt. Eg likar og å besøke venner, pc, spele kort/brettspel. Det er fint om du delar nokon av desse interessene med meg. Eg har epilepsi og treng tilsyn og tryggheit i kvardagen, i tillegg til at eg også treng rolege stundar.
3 ledige stillingar
- Opp mot full stilling som medarbeidsleder
- 45% fast stilling som assistent (kun kvilande natt)
- Tilkallingsvikar
Arbeidstider
- Kl.15.00-22.00
- Kl.22.00-08.15
- Kl.08.00-22.00 (langvakter laurdag og søndag)
Arbeidsoppgaver som medarbeidsleder:
- Bistå ein person med arbeidslederoppgaver i ein brukerstyrt personlig assistanseordning (BPA)
- Leggja til rette slik at BPA blir skreddarsydd rundt behovet til assistansemottakar
- Administrativt arbeid som arbeidsplanar, bemanning, HMS etc.
- Stille opp ekstra ved sjukdom/fråvær
- Halde assistentmøte og medarbeidarsamtale
- Samarbeide med assistansemottakar for å skapa sjølvråderett
Arbeidsoppgåver som assistent
- Bistand til praktiske oppgåver
- Motivere til aktivitet
- Nærvær i tilfelle epileptisk anfall
Ønsket kompetanse/personlege eigenskapar som medarbeidsleder:
- Faglege kunnskapar/erfaring: eks. administrativt, arbeidsplanlegging og bemanning, arbeidserfaring knytt til personar med utviklingshemming
- Personlege eigenskapar: strukturert, engasjert, fleksibel og ansvarsfull
Krav til stillinga
- Plettfri vandel/politiattest
- Gode norskkunnskapar
- Det er en fordel om du har førerkort
- Du treng inga formell utdanning, da opplæring vil verte gitt.
Som personleg assistent i JAG utgjer du en forskjell kvar dag. Å vere personleg eigna er derfor avgjerande.