Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Vil du bli ein del av ei kompetent, tilgjengeleg og førebyggjande teneste med fokus på lågterskel meistringstilbod? Då vil me ha deg med på laget!

Ål kommune Avdeling Meistring

Helsetunvegen 5, 3570 ÅL
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Me har ledig ei 100 % fast stilling i tenesta psykisk helse og rus for vaksne. Oppgåvene er varierte og mangfaldige der brukaren sjølv er delaktig i planlegging og utforming av tenestene sine.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for heilskapleg oppfølging og miljøtiltak for heimebuande med psykiske og rusrelaterte utfordringar.
  • Arbeide førebyggjande og ta utgangspunkt i den enkelte sine behov, «Kva er viktig for deg?».
  • Sikre ivaretaking av brukarane sine ressursar og bidra til meistring og god livskvalitet.
  • Følgje opp medisinsk og miljøterapeutisk behandling.
  • Tverrfagleg samhandling med samarbeidspartar og pårørande.
  • Delta i dagtilbod til målgruppa.
  • Du kan også bli tillagt andre oppgåver avhengig av behov, samt av dine kvalifikasjonar og bakgrunn.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Gjerne med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og /eller rus.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Framandspråklege må dokumentera bestått B2.

Personlege eigenskapar

  • Profesjonell, fleksibel, løysingsorientert.
  • Positiv og engasjert.
  • Strukturert og tydeleg.
  • Har stor arbeidskapasitet og engasjement for faget og for brukargruppa.
  • Har god relasjonskompetanse og samarbeidsevne.

Det blir lagt stor vekt på personleg eignaheit for stillinga.

Me tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer. 
  • Arbeidsplan/turnus med lite ubekvem arbeidstid.  
  • Eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre.  
  • Internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing.  
  • Lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk. 
  • Pensjonsordning i KLP.  
  • Rabattert pris på treningssenter.
  • Fadder for nytilfløtte, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål.

Politiattest og søknad

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje eldre enn tre månader.
  • Kommunen følger offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

 

Velkomen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Søk her