Vi søkjer tenesteleiar/rektor for tenesteområde integrering
Litt om oss:
Tenesteområde integrering er ei tverrfagleg teneste organisert under kommunalområdet Livsløp. Vi har ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar, grunnskuleopplæring for vaksne og spesialundervisning for vaksne. I tillegg buset vi familiar, einslege mindreårige og vaksne med avtale om busetting, og følgjer opp dei som har behov for vidare oppfølging.
Flyktning- og integreringsarbeidet i Haram kommune er i ein spennande utviklingsfase og det vert jobba kontinuerleg for å tilpasse tenestene til innbyggarane våre sine behov.
Vi søkjer ein innovativ, kunnskapsrik og handlekraftig tenesteleiar/rektor som vil bidra til å vidareutvikle tenestene og sikre ei framtidsretta integreringsteneste. Du vil vere ein del av eit engasjert team og få eit viktig mandat i eit fagfelt med stor samfunnsverdi.
Tenesteleiar/rektor skal leie tenesta i samsvar med kommunen sitt verdigrunnlag, strategiplanar og gjeldande lover og forskrifter. Stillinga har delegert ansvar for resultat, inkludert økonomi, personalforvaltning, fagutvikling, kvalitet og internkontroll.
Tenesteområde integrering har per i dag 7,3 årsverk, inkludert tenesteleiar/rektor. Stillinga har ansvar for både vaksenopplæringa og flyktningtenesta.
Det kan bli aktuelt å endre organiseringa av tenesta i framtida for å sikre best mogleg ressursutnytting, styrke tverrfagleg samarbeid og tilpasse oss behova i lokalsamfunnet. Fleksibilitet og evne til å leie i endringsprosessar vil difor vere viktig. Integreringstenesta skal flytte til nye lokale våren 2025, noko som legg til rette for vidare utvikling av tenesta i moderne og funksjonelle omgjevnader.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi legg stor vekt på samarbeid på tvers av fagområde for å sikre tidleg innsats og gode løysingar for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Leggje til rette for gode læringsprosessar, både fagleg og sosialt
- Ha ansvar for å leie og utvikle i samsvar med gjeldande lovverk og Haram kommune sin visjon, verdiar og satsingsområde.
- Sikre at alle tilsette får rettleiing og støtte i arbeidet med å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
- Sørgje for at skulen fungerer godt som organisasjon, med klare mål og effektive arbeidsprosessar.
- Leie skulen sine retningsval og prioriteringar innanfor rammene av kommunen sine vedtekne planar og strategiar.
- Sjå tenesta som ein del av ein større heilskap og bidra til utvikling av tenester på tvers av fagområde.
- Styrkje og leie profesjonsfellesskapet, samt vidareutvikle ein positiv og lærande organisasjonskultur.
- Ein må rekne med noko undervisningstid.
Ansvar og leiing:
- Ha ansvar for den totale drifta av tenesteområde inkludering, inkludert økonomi, personal og fagleg utvikling.
- Vere ein tydeleg, lyttande og inspirerande leiar som byggjer tillit og skapar engasjement.
- Delta aktivt i relevante nettverk både internt i kommunen og eksternt for å fremje samarbeid og erfaringsutveksling
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning frå høgskule og/eller universitet som oppfyller tilsettings- og kompetansekrav for vaksenopplæring og norsk grunnskole
- Relevant leiarerfaring og vidareutdanning innan leiing, som til dømes skuleleiarutdanning eller rektorutdanning
- Ønskjeleg med erfaring frå fagfeltet vaksenopplæring og busetjing av flyktningar.
- Ønskjeleg med fleirkulturell kompetanse.
- God økonomiforståing
- Endringskompetanse og evne til å leie omstillingsprosessar
- Kunnskap om, og ferdigheiter i bruken av digitale verktøy
- Kjennskap til relevante avtaleverk
Personlege eigenskapar
- Har ein raus, tydeleg og lyttande leiarstil, og kan utøve tillitsbasert leiing
- Er ein motiverande personalleiar som byggjer opp eit velfungerande team
- Er oppteken av læringsarbeid og utvikling for både elevar og tilsette
- Evne til å skape entusiasme og sette mål som fremjar utvikling og læring
- Er ein pådrivar i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid gjennom skulebasert kompetanseutvikling
- Legg til rette for endringsprosessar, innovasjon og nyskaping
- Har høg arbeidskapasitet og evne til å handtere komplekse oppgåver
- Har god relasjonskompetanse og inkluderer både elevar og tilsette i opne utviklingsprosessar og avgjerdsprosessar
- Har gode samarbeidsevner og etablerer godt samarbeid med fagorganisasjonar, samt interne og eksterne aktørar
- Legg til rette for god medverknad og medbestemming i samsvar med hovudavtalen
- Er resultatorientert, strukturert og har sterk gjennomføringsevne
- Har erfaring med undervisning av flyktningar
Vi tilbyr
- Spanande faglege utfordringar i ein organisasjon i utvikling
- Moglegheit til å bidra i oppbygginga av ei framtidsretta teneste
- Tverrfagleg samarbeid og fokus på kompetanseutvikling
- Leiing av engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Løn etter avtale, samt gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef, 92243788,
[email protected]
Arbeidsstad
Brattvåggata 19
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4904969084
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2025