Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

100% fast stilling innan Elektro- og datateknologi

OPK-KH - Avd. Yrkesfag, Vestland fylkeskommune

HUSNES, 5460 KVINNHERAD
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad
Kvinnherad vidaregåande er ein kombinert vidaregåande skule med eit variert tilbod av yrkesfag og studiespesialiserande programfag. KVV har som mål å vere ein tydeleg og aktiv pådrivar i utviklinga av Kvinnherad. Målsetjinga vår er å vere den viktigaste møteplassen og lærestaden for ungdom i Kvinnherad.

På KVV er me stolte av å skape eit inkluderande og positivt læringsmiljø. Vi har gjennom prosjektet "Ulikt utgangspunkt, like sjansar" eit stort fokus på inkluderande praksis og tilpassa opplæring. Det betyr at vi jobbar for at det spesialpedagogiske skal gå hand i hand med den ordinære opplæringa, og at alle elevar skal kjenne seg fagleg og sosialt inkluderte i fellesskapet.

Her hos oss skal mangfaldet blomstre i eit trygt og godt læringsmiljø, og i møte med høg fagleg kompetanse.

Arbeidsoppgåver

Undervisninga vert i hovudsak på programområde for VG2 Elenergi og Ekom, men det kan også bli aktuelt på VG1 Elektro- og datateknologi

Kvalifikasjonar

Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:

  • a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.

    b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning. Ynskjer utdanning som sjukepleiar, førskulelærar

    c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.

    d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.

    Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.

    Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.

    Det er ynskjeleg med:
    Undervisningserfaring, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

Du må kunne jobbe i ein hektisk arbeidskvardag, saman med elevar og tilsette.
Du må vere opptatt av fagleg utvikling og undervisning, og vere flink til bygge relasjonar med ungdommar. 
Du er utviklingsorientert og inkluderande.
Du er fleksibel.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Vi tilbyr

Kvinnherad vidaregåande skule tilbyr eit aktivt, stimulerande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
Nært samarbeid med kollegaer og laget rundt eleven.
Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
Gode høve til eiga læring og utvikling. 
Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.

Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Kontaktinformasjon

Linda Dale Heimstad, Avdelingsleiar, 48035098, [email protected]

Arbeidsstad


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4991277076
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.07.2025