Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

ID 960 Elektrikar, tømrar, røyrleggjar, byggdrift. 100% fast stilling

Fitjar Kommune

, FITJAR
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Etaten Samfunnsutvikling og drift i Fitjar kommune har ansvar for drift og vedlikehald av den kommunale eigedomsmassen, veganlegg, kaier, bruer og grøntanlegg. Me har ledige stillingar som hovudsakeleg er knytt til byggdrift.

I stillinga vil du jobba på alle dei kommunale eigedomane. Dette er m.a. både skuler, barnehage, helsebygg og kontorbygg.

Arbeidsoppgåver vil blant anna vera

  • Drift og vedlikehald av dei kommunale bygga

  • Optimalisera drifta av dei tekniske anlegga

  • Drift og vedlikehald av uteareal og veganlegg ved behov

  • Utlevering av hjelpemidlar

Me ser etter nokon som er serviceinnstilt, løysingsorientert og som liker ein jobb med stor spennvidde. Me vil prøva å tilpassa arbeidsoppgåvene noko etter utdanning og interesse.

Du vil og inngå som ein del av teknisk vakt. Vaktordninga er fordelt på dei tilsette på driftsavdelinga og VA-avdelinga og inneber roterande vekesvakt (inkludert helg) knytt til bygg og vassverk.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan eitt eller fleire av dei aktuelle fagområda, td. elektro, tømring, røyrleggjar, byggdrift, automasjon eller liknande. Lang relevant erfaring vil i visse tilfelle kunna kompensera for manglande utdanning.

  • Erfaring med bygg- og anleggsforvaltning er ynskjeleg.

  • Erfaring med styringssystem knytt til tekniske anlegg og FDV

  • Gode datakunnskapar og interesse for digitalisering

  • Interesse, vilje og evne til å læra deg dei delane av jobben som du eventuelt ikkje har kjennskap til frå tidlegare.

  • Evne til å arbeida sjølvstendig.

  • Førarkort klasse B. Klasse BE er ein føremon.

Me kan tilby

  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde

  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar

  • God offentleg pensjonsordning

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA -verksemd)

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, lyt søkjar spesifisera og grunngje det i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verta ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, skal søkjaren varslast om dette.