Lignende stillinger
Har du lyst på ein aktiv sommarjobb saman med barn?
Kvam herad søkjer etter assistentar/fagarbeidarar til ferie-SFO i veke 26 og 27, sommaren 2025. Ferie-SFO er open for barn som skuleåret 24/25 går i 1. - 4. klasse, og eldre barn med særskilte behov. Det vert kursing og førebuing torsdag 19. og fredag 20. juni 2025. Stad: Norheimsund skule.
SFO-leiarane i Norheimsund og Øystese har hovudansvar for å leggja til rette og planleggja aktivitetar knytt til ferie-SFO med fokus på opplevingar på skulen og i nærmiljøet. Assistentane/fagarbeidarane har ansvar for gjennomføring av aktivitetane saman med barna.
Dei som vert tilsett i stillingane må leggja fram politiattest ved tilsetjing (skal ikkje vera med i søknaden).
Me treng deg som:
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Linda Haugland Jondahl, Rektor Norheimsund skule, +47 905 95 991
Kyrkjevegen 30
5600 Norheimsund
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 4940812021
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 19.06.2025
Søknadsfrist: 09.05.2025