Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Helgestillingar bufellesskap

Tysnes kommune

Uggdalsvegen 301, 5685 TYSNES
Fast
Offentlig
Deltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Om stillinga

Tysnes kommune har for tida fleire ledige helgestillingar i bufellesskapa våre, både Vågsmarka og Haugen bufellesskap.

I bufellesskapa bur det menneske med ulike tenestebehov. Me gjev individuell oppfølging av enkeltbrukarar gjennom hjelp og bistand til å bu i eigen bustad. Det er stor variasjon i den enkelte sine interessar, og me arbeidar for å skapa ein god kvardag for alle. Samtidig legg me til rette for felles aktivitetar som styrkjer samhald og trivsel.

Dersom om du ønskjer å arbeida med fine folk i eit godt arbeidsmiljø, har me ledig fleire helgestillingar frå 13,3-13,6 prosent. Det er arbeid kvar tredje helg, med ein kombinasjon av sein- og tidlegvakter. 

Stilingane er ledige, men oppstart blir etter nærare avtale. 

Me ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp ved innsending av søknaden. 


Arbeidsoppgåver

  • Motivera og støtta bebuarane i ulike aktivitetar for å fremje trivsel og meistring.
  • Følgje opp daglege rutinar i avdelingane for å sikre ein stabil og trygg kvardag.
  • Bidra til den daglege drifta gjennom praktiske oppgåver i leilegheiter og fellesområde.
  • Skape eit godt arbeidsmiljø gjennom samarbeid og positivt samspel med kollegaer.
  • Andre oppgåver kan bli inkluderte i stillinga etter behov. 

Kvalifikasjonskrav

  • Det er ønskjeleg med relevant kompetanse og erfaring.
  • Førarkort klasse B er ønskjeleg, men ikkje eit krav.

Felles for stillingane er at det er krav om gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:

  • Politiattest (ikkje eldre enn 3 månader), jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
  • Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • har gode kommunikasjon- og samhandlingsevner.
  • er fleksibel, initativrik og oppteken av å bidra til godt samarbeid med bebuarar, kollegaer og pårørande.
  • blir motivert av å yta gode tenester til brukarane våre, og kan vera med å gje dei ein stabil og god kvardag.
  • trivast med utfordringar, og er løysingsfokusert.
  • ønskjer å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt ved tilsetjing.


Kvifor skal du jobba hos oss?

Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode tenestetilbod og verdige rammer for våre bebuarar? Då trur me du vil trivast hos oss! Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus. Du du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Du vil også få ein variert, engasjerande og lærerik arbeidskvardag i eit positivt og stabilt arbeidsmiljø.

Hos oss får du rammer som sikrar deg ei fornuftig balanse mellom jobb og fritid gjennom årsturnus. Turnusen er to-delt, med arbeid kvar 3.helg. Kommunen har innført ekstra tillegg på bonushelg - ei ordning som blir evaluert årleg. Denne ordninga gjeld fortrinnsvis for dei arbeidsplassane som har årsturnus, pt. er det berre Vågsmarka bufellesskap som har årsturnus. Det vert arbeida for at dette òg skal gjelda for Haugen bufellesskap.

Medlemskap i KLP føl med tilsetjing. Det betyr at du får blant ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søka om bustadlån med gunstige betingelsar. Les meir på KLP sine nettsider.

Me har og ei ordning om stipendavtale for deg som tek ein helsefagleg utdanning og jobbar innan helsesektoren. Les meir om denne avtalen her: Stipendavtale - Tysnes kommune

Du blir tilsett med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar. 


Mangfaldserklæring

Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsnedsetjing og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.