Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Sommarjobb innen reinhald i Ramsund

Forsvarsbygg

RAMSUND, 9442 TJELDSUND
Feriejobb
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad
I samband med årets ferieavvikling er vi på jakt etter 2 sommarvikarar til Ramsund orlogsstasjon, som skal jobbe med dagleg reinhald i veke 29-31.

Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i den oppgitte perioden. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Det vil bli gitt grundig opplæring før oppstart.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg/regelmessig reinhald av bygg
  • Utvask av bustad og kvarter 
  • Utføre reinhaldsarbeid etter oppsette arbeidsplanar

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som er løysingsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig. 
Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og like varierte utfordringar. 
Vidare er  du omgjengeleg og nøyaktig, og har gode samarbeidsevner. Du må også kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø. 

Kvalifikasjonar

  • Du må vere over 16 år eller fylle 16 år i løpet av 2025
  • Du må ha allmenn god helse og fysikk
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Du må autoriserast før oppstart 
  • Det er ønskeleg at du har erfaring innan reinhald

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller reinhaldsbetjent (kode 1138/1129), frå kr. 282 700,- - 404 900,- i brutto årleg lønn.

Kontaktinformasjon

Unni Zimmermann, Reinhaldsleder, 950 68 643

Arbeidssted


9442 Ramsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Forsvarsbygg eiendomsforvaltning Renhold

Referansenr.: 4949340177
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 08.05.2025