Medisinsk serviceseksjon, Førde sentralsykehus: 100% fast stilling som helsesekretær/sekretær.
Vi søkjer ein dyktig og engasjert helsesekretær/sekretær. Er du serviceinnstilt, strukturert og har gode kommunikasjonsevner? Då kan du være den vi leitar etter!
Medisinsk serviceseksjon har ca. 30 tilsette som utfører sekretæroppgåver for dei kliniske avdelingane i medisinsk klinikk: hudavdeling, medisinsk avdeling, avdeling for barn og unge, nevrologisk, revmatologisk, kreftavdeling og fysikalsk medisinsk poliklinikk.
Oppstart stilling snarast etter nærare avtale.
Vi ser frem til å høyre frå deg. Send oss søknad med oppdatert CV.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i elektronisk pasientsystem (DIPS Arena)
- Pasientservice
- Timebestilling (poliklinikk, sengepost og venteliste)
- Telefonadministrasjon
- Anna førefallende pasientadministrativt arbeid
Kvalifikasjonar
- Autoriasjon som helsesekretær. Relevant erfaring som sekretær kan kompensere for manglande autorisasjon
- Kjennskap til DIPS er ein fordel, men opplæring vil bli gitt
- Du har gode IT-kunnskaper, gjerne innan sjukehuset sine interne system
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Attestar, tjenestebevis og dokumentasjon på tidlegare arbeidserfaring og relevant utdanning leggast ved søknaden. Dette dannar grunnlag for vurdering av kompetanse og fastsetting av lønn.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Nøyaktig og strukturert
- Serviceinnstilt og imøtekommande
- Du er opptatt av å skape eit positivt arbeidsmiljø og bidra aktivt til fellesskapet
- Tar ansvar for eigne oppgåver og samarbeider godt i eit lag
- Høg arbeidskapasitet
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Spennande og utfordrande jobb
- Meningsfullt arbeid som gir personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Belvira Omic, Seksjonsleiar, (+47) 995 91 403
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4951721260
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025