Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Ett års vikariat som kantor i Spjelkavik kyrkjelyd 100%

Ålesund Kyrkjelege Fellesråd Avd Ålesund

Langelandsvegen 17, 6010 ÅLESUND
Vikariat
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Spjelkavik kyrkjelyd ligg i austre del av Ålesund kommune og har ca. 18000 medlemmer. Kontorer er lokalisert i kyrkja i bydelen Spjelkavik / Moa ca. 12 km frå Ålesund sentrum. Kyrkjelyden har 10 faste stillingar: Daglig leiar, 3 prestar, kateket, diakon, kantor, organist, kyrkjetenar og 2 kyrkjelydspedagogar. I tillegg til hovedkyrkja vert det også avholdt gudstenester på Ålesund folkehøgskole som funger som interimkyrkje i indre bydel. I kyrkjelyden er det eit stort tal aktive frivillige.

Ett års vikariat som kantor i Spjelkavik kyrkjelyd 100%

Det er ledig eit 1-års vikariat som kantor i Spjelkavik kyrkjelyd frå 1. september . Kantor vil vere tilsett i Ålesund kyrkjelege fellesråd, men ha Spjelkavik sokn som arbeidsstad, Spjelkavik kyrkje er vel 35 år gammal, ligg like ved det store kjøpesenteret på Moa og kombinerer den moderne arbeidskyrkja sin funksjonalitet med eit sterkt sakralt preg. Kyrkjerommet har både eit godt Petrof-flygel frå 2012 og eit Markusen-orgel med 26 stemmer frå 1992.


Arbeidsoppgåver

  • Tenestegjøre ved gudstenester og kyrkjelege handlingar.
  • Delta i stabsmøter, fagmøter, salmemøter og andre administrative møtepunkt.
  • Være en kyrkjemusikalsk ressurs for kyrkjelyd og stab.
  • Lede kyrkjekoret og delta i anna kor-arbeid.

Kvalifikasjonar

  • Kyrkjemusikalsk utdanning i henhold til tjenesteordning. Annan relevant bakgrunn vil og bli vurdert.

Personlege eigenskapar

  • Den som tilsettast må være medlem av Den norske kyrkje.
  • Politiattest må framleggas ved tilsetting.
  • Det blir lagt opp til prøvespill i forbindelse med intervju til stillinga

Vi tilbyr

  • Lønns- og arbeidsvilkår etter KAs avtaleverk.
  • Gode og kreative arbeidfellesskap

Kontaktinformasjon

Hans Roar Aas, Avdelingsleder kyrkjelyd, 94323279
Astrid Eide, Daglig leder, 48212111

Arbeidsstad

Langelandsvegen 17
6010 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 4970071664
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 08.06.2025