Lignende stillinger
Me har ledig 75% stilling på natt med arbeid kvar 3. helg.
Bli ein del av vårt positive team ved Haugen bufellesskap og dagsenter! Her får du bidra til at dei som bur her får ein meiningsfull og innhaldsrik kvardag, samstundes som du får utfordra og utvikla din faglege og personalege kompetanse.
Haugen bufellesskap er eit døgnbemanna bufellesskap for mennesker med funksjonsnedsettelse. Me yte praktisk bistand, har fokus på å ivareta ADL-ferdigheiter og tenestemottakar sine grunnleggande behov, i tillegg til å legga til rette for sosial deltaking og aktivitet.
Me jobbar tett på dei bebuarane, og me får utfordra fagkompetansen dagleg. Me kan ha problemstillingar og utfordringar der me må ta omsyn til både lovgiving, dei som bur hos oss og abeidsmiljø. Slike etiske refleksjonar er ein viktig del av jobben vår. I dette arbeidet er me oppteken av at alle skal bidra og bli høyrt. Som nattevakt har du med deg din kompetanse og erfaring, og samen yt me dei beste tenestane!
Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:
Me ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Er du glad i mennesker, positiv, engasjer og villig til å gje av deg sjølv? Ønskjer du å bruka fagkompetansen din og utvikla deg i lag med oss? Då er dette ein jobb for deg! Som medarbeider hos oss vil du bidra til at dei som bur her får ein meiningsfull og innhaldsrik kvardag i tråd med lovverk, fagleg kjente metodar og etiske retningsliner.
Me har ei gruppe dyktige tilsette med ulik fagbakgrunn, og mange med lang erfaring i faget. Her får du kollegaer i alle aldre, frå 20-60 år. Me snakka mykje fag, men me er også oppteken av å ha det kjekt i lag. Me har ulike interesser, noko av oss likar å gå fjellturar, og mange av oss er veldig glad i dyr.
Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLP sine nettsider.
Du blir tilsett med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.