Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Lærar i realfag, vikariat

Vestland fylkeskommune

Professor Gjeldsviksv 22, 6900 KINN
Vikariat
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag.
Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og vaksne.
Meir informasjon om skulen finn du på www.flora.vgs.no.  

Frå 01.08.2025 har vi ledig 100% stilling som vikar i realfag skuleåret 2025-2026. 
Søknadsfrist 25.04.2025.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i matematikk, naturfag og andre relevante realfag etter kompetanse og skulen sine behov.
  • Delta i profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid ved skulen.
  • Bidra i fag- og avdelingssamarbeid.
  • Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver

Kvalifikasjonar

  • Relevant undervisningskompetanse i matematikk, naturfag og andre aktuelle realfag.
  • Kompetanse i pedagogisk bruk av digitale verktøy.
  • Didaktisk og pedagogisk kompetanse til å møte ulike elevar og evne til å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar.
  • Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Positiv og engasjert.
  • Fagleg og pedagogisk oppdatert.
  • God på relasjonsbygging og klasseleiing.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Utviklingsorientert og evne til å reflektere over og å forbetre eiga undervisning.
  • Eit elevsyn som ser høve til vekst og læring hjå alle elevar.
  • Lojal mot vedtekne avgjerder.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
  • Eit godt arbeidsmiljø.
  • Varierte arbeidsoppgåver.

Andre opplysningar:
Alle attestar og vitnemål må leggast ved søknaden.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Merk at alle stillingar ved skulen vert utlyst med atterhald om at utlyst tilbod vert igangsett og overtalshandsaming i fylkeskommunen.

For meir informasjon om stillinga kontakt konstituert rektor Lars Anders Nybu tlf. 41 53 06 04 eller avdelingsleiar for realfag Siri Bakke Heggø tlf. 97 59 34 33.


Søknadsfrist: 25.04.25

Kontaktinformasjon

Lars Anders Nybu, Rektor ( vikariat)

Arbeidsstad

Professor Gjeldsviksv 22
6900 FLORØ

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4949700616
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 25.04.2025