Lignende stillinger
Noregs domstolar er den tredje statsmakta og samfunnets fremste konfliktløysar. Domstolane tek avgjerder som har stor betydning for både enkeltpersonar og samfunnet som heilskap.
Som saksbehandlar får du arbeide med eit breitt spekter av oppgåver, som å førebu, tilretteleggje og etterbehandle saker i tett samarbeid med dommarane. I løpet av arbeidsdagen har du kontakt med partar, advokatar og andre profesjonelle aktørar. Di rolle er viktig; du bidreg til at sakene blir gjennomførte på ein effektivt og profesjonell måte, til beste for brukarane av domstolane.
Vi har ledig fast stilling som saksbehandlar for deg som ynskjer å arbeide med administrative oppgåver i ein domstol. Du vil ha sjølvstendige oppgåver, samtidig som du vil inngå i eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø.
Her er ingen dag lik, og innsatsen din er heilt naudsynt for at vi skal kunne gjennomføre rettssakene.
Hovudoppgåvene består av administrativt arbeid og saksbehandling knytt til domstolen sine oppgåver. Dette inneber mellom anna:
Saksbehandlarane er domstolen si førstelinje og du vil difor ha ein del kontakt med publikum.
Vi arbeider kontinuerleg med å forbetre rutinar og ta i bruk ny teknologi. Du vil vere ein viktig bidragsytar i dette arbeidet.
Du må rekne med andre oppgåver etter domstolen sitt behov. Dette kan til dømes innebere å delta i rettsmøte, rettsmekling eller synfaringar.
Vi søkjer deg som:
Personlege eigenskapar
I tillegg til ein jobb som er viktig for både enkeltpersonar og samfunnet får du:
Stillinga blir lønna som førstekonsulent/rådgjevar etter Hovudtariffavtalen, avhengig av kompetansen din.
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer et godt mangfald med ulik bakgrunn og livserfaring. Vi har i dag et rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ynskjer difor å rekruttere fleire medarbeidarar med fleirkulturell bakgrunn, ulik arbeids- og livserfaring, funksjonsnedsetjing og hol i CV. Dette vil gi domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheit for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling